Hjem > Artikkel

Laurdag 27. oktober

Snart klart for Oslokappleik

img_8958

Laget for folkemusikk arrangerar i år Oslokappleiken i samarbeid med Bygdelagssamskipnaden laurdag 27. oktober.
Kappleiken blir i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo hjå Bygdelagssamskipnaden
 
PROGRAM
Sjokoladekappleik kl. 10.00
Kappleik kl. 12.00
Fest med premieutdeling etter kappleiken
Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa.

I år slår vi saman klasse A, B og D til ei seniorklasse. Dei mellom 12 og 18 år tevlar i juniorklasse. Vi har og slått saman gruppespel og open klasse. Her blir det og juniorklasse.
 
Klassane blir då slik med junior og senior for alle klassar:
Dans fele
Dans hardingfele
Durspel
Eldre folkemusikkinstrument
Lagdans
Lagspel
Laus
Open klasse og gruppespel
Spel fele
Spel hardingfele
Vokal folkemusikk
 



| Tips en venn | Skriv ut |