-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Vellykka Blømingsfestival i Kinsarvik
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51
Søknadsfrist 10.juni
Søk Norsk Folkemusikkfond
FolkOrg og NRK lyser ut midlar gjennom Norsk Folkemusikkfond. Løyvingar frå fondet kan verte gitt til einskildpersonar, grupper, spel- og dansarlag o l. Søknadsfristen i år er sett til 10.juni
Om Norsk Folkemusikkfond
Norsk Folkemusikkfond skal stø arbeidet med å granske og verne om den kulturverdien ein har i den norske folkemusikken, bygdedansen og dei gamle folkemusikkinstrumenta slik at tradisjonane vert tekne vare på, brukte, gjort kjende og ført vidare på ein naturleg måte. Arbeidet skal fyrst og fremst vere dei eldre formene, stoff av særleg verd og interesse og stoff som har ei svak og utsett stilling.
Norsk folkemusikkfond er eit lite fond, og det vert delt ut kring 70 000 kvart år, avhengig av tal på medlemmar i FolkOrg. Retningslinene er omfattande, og det kan sjå ut som fondet kan dele ut store summar. For å vere meir føreseielege har styret i Norsk folkemusikkfond tatt ei avgjerd om å prioritere nokre typar tiltak kvart år.
For 2012 vil styret prioritere søknadar om stønad til prosjekt med fokus på:

- arbeidet med folkemusikkinstrumenta våre og gransking av byggeteknikken for desse. Fondet skal prioritere arbeidet me å finne fram til gamle folkemusikkinstrument som er lite kjende eller gått ut av bruk og arbeide for at desse blir haldne i hevd.
- opplæring av born og unge i tradisjonsmusikk og dans.
Krav til søknad om tilskot, rapportering
Ved søknad om tilskot frå fondet skal søkjaren gi ei grunngjeving for kvifor det er verdifullt å gjennomføre prosjektet, og kva ein tek sikte på å oppnå. Det må leggjast ved eit budsjett for kva tilskotet er tenkt å dekkje av utgifter.
Tilskotet skal normalt ikkje dekkje løn til søkjaren, men utgifter prosjektet medfører; t. d honorar til kjelder osv. Når prosjektet er avslutta, skal søkjaren sende inn rapport og rekneskapsoversikt.
Om søkanden

Søknaden sendast inn på e-post til post@folkemusikk.no, eller per post til:
FolkOrg, Postboks 4613 Sofienberg, 0506 Oslo. Søknadsskjema finn du nede på denne sida.
Om du har spørsmål til søknaden ta kontakt:

Linda Dyrnes – tlf 22 00 56 94 - linda@folkemusikk.no
SØKNADSFRIST: 10. juni