Hjem > Artikkel

KAPPLEIKAR

Søkjer arrangørar til Landskappleiken og Landsfestivalen

Team Gløs Tøs frå Landskappleiken 2011.

Team Gløs Tøs frå Landskappleiken 2011. Foto: Eivind Kaasin

FolkOrg lyser no ut Landskappleiken 2014 og Landsfestivalen 2013 og 2014. Lag som er interessert i å stå som lokal arrangør av desse arrangement, må sende søknad innan 1. november.

I søknaden bør søkjaren ha med noko om laget/ laga som står bak og bakgrunnen for søknaden. Det er viktig at søknaden gjer greie for tevlingsarenaer m/ øvingsrom, overnattingskapasitet samt  bemannings- og dugnadskapasiteten.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis for å få tildelt arrangementet, blir prioriterte.

Dersom enkeltpersonar synst at laget sitt skal vurdere å søkje, så  ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt  i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver blir drøfta.

Interesserte kan  på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt på tlf 22 00 56 93. 

Alle medlemslaga har fått tilsendt  eiget brev  om dette.

SØKNADSFRIST: 1. november


Søknad sendas på e-post til post@folkemusikk.no eller i posten til:

FolkOrg
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO
 


 


(1) | Tips en venn | Skriv ut |