Hjem > Artikkel

KAPPLEIKAR

Søkjer arrangørar til Landskappleiken og Landsfestivalen

Vrang, vinnarar av Open klasse, Landskappleiken 2011 - Foto: Eivind Kaasin.jpg

Vrang, vinnarar av Open klasse, Landskappleiken 2011 - Foto: Eivind Kaasin.jpg

FolkOrg lyser no ut Landsfestivalen 2015 og Landskappleiken 2015. Lag som er interessert i å stå som lokal arrangør av desse arrangement, må sende søknad innan 1. november 2012 (LF 2015 og LK 2015).
I søknaden bør søkjaren ha med noko om laget/ laga som står bak og bakgrunnen for søknaden. Det er viktig at søknaden gjer greie for tevlingsarenaer m/ øvingsrom, overnattingskapasitet samt  bemannings- og dugnadskapasiteten.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis for å få tildelt arrangementet, blir prioriterte.

Dersom enkeltpersonar tykkjer at laget sitt skal vurdere å søkje, så  ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt  i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver blir drøfta.

Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt på tlf.: 22 00 56 93


SØKNADSFRIST LANDSKAPPLEIKEN 2015 OG LANDSFESTIVALEN 2015: 1. november 2012

Søknad sendas på e-post til rannveig@folkemusikk.no eller i posten til:
FolkOrg v/Rannveig Djønne
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO

 






| Tips en venn | Skriv ut |