-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Vellykka Blømingsfestival i Kinsarvik
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51
Hardingfele, dans
Sølvberg, Arne M.
Arne M. Sølvberg er fyrst og fremst solospelemann og historieforteljar. Han har vokse opp i ein rik musikktradisjon. Han spelar både bygdedansar og runddansar, og har etter kvart og komponera mange slåttar sjølv. Sølvberg er kvalifisert til eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i fele, hardingfele og dans. Han spelar i tillegg diverse fløyter. Han har vunne fele klasse A ein gong, og fekk i 1996 Spellemannprisen for si fyrste soloutgjeving Nordfjordslåttar. Han har grunnfag i folkedans frå NTNU, og har no undervisning i Stryn kulturskule. Han er og leiar i Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans (2005 – 2007).Ved sidan av å vere spelemann er Arne M. Sølvberg sauebonde. Han gav i 2005 ut soloplata Kveik.
Diskografi
Syngandestrenger, saman med Øyvind Lyslo (Heilo, 1999)
Nordfjordslåttar (Grappa, 1996)
Laget for folkemusikk, div artistar (Ta:lik, 2003)
Kveik (eigen utgjevnad, 2005)









