Ein variert syttiårsmarkering med eit stjernelag av musikarar, som berre må høyrast.

Diverse artistar: Spelemannsmøte
  • Etnisk Musikklubb, 2015
  • 23 spor, 57 minutt

Då spelemannen, forteljaren og kulturisten Tore Viken runda 70 år, fekk han lyst til å markera dette med å laga ein CD der favorittspelemennene hans skulle vera bidragsytarar. Tore har gjennom eit langt spelemannsliv spela ilag med mange, og ikkje minst fått oppleva store musikalske stunder både med avlidne og nålevande spelemenn.

Tanken var fyrst å setja saman ein CD med tidlegare opptak. Men då han nemnte dette for sonen Sjur, vart denne ideen raskt forkasta; her skulle det berre vera snakk om nye, originale innspelingar. Då Tore tok ringerunden til dei spelemennene han gjerne ville ha med, var det lutter velvilje med ein gong frå samtlege. Dette tykte dei om, og ville gjerne stille opp. Og det er litt av ei samling – her er det plukka frå øvste hylle i spelemannsmiljøet. Dette er tradisjonsberarar av beste merke, med kongepokalvinnarar, landskappleik- og landsfestivalvinnarar i fleng.

CD-en er svært variert. Det er både slåttespel og runddansspel, samspel og solospel. Begge feleslaga, toradar og femradar er med. Hovudtyngda av slåttetilfanget er relatert til Oppdal og Ottadalen, men Røros, Telemark og Hallingdal er òg representert. Dessutan er det eit par svenske innslag. Rekkefylgja på innslaga er både interessant og intelligent gjort. Kvart spor kjem som ei overrasking, slik at du vert nysgjerrig og svolten på neste innslag.

Spelemannsmøte sjokkopnar med ei «sviske» spela av Olav Haugen på torader. Denne gamle reinlendaren er hoggande godt spela; stødig, roleg og med suveren bassbruk. Det er som runer hogd i stein. Olav Haugen har og eit innslag seinare på CD-en, ein vals som understrekar den rotekte spelestilen hans. Dette er spel med karakter. Så kjem Tron Steffen Westberg. Han har til saman tre polsar på plata, alle med den intensitet og driv som kjenneteiknar spelet hans. Ein pols i moll, etter Jørgen Wehn, set seg ekstra godt fast i minnet: Stor detaljrikdom og utført med stor musikalitet. Serleg i andre veket vert Tron musiserande midt i all dansedriven.

Astrid Sulheim har to innspelingar, springleikar i Bøverdalstradisjon. Astrid har eit  suggererande, dåmrikt spel med ein intens, varm tone. Det er spel som engasjerer. Ho dreg tilhøyraren inn i låtten og pressar han inn i huda så han sit att som ei tatovering.

CD-en inneheld mange glitrande samspelkonstellasjonar. Leif Inge Schjølberg og Inge Gjevre spelar den nydelege valsen Sankthansdagen, av Kristen Vang, på ein utsøkt måte på fele og trekkspel. Leif Inge er sjef på fela. Han vekslar mellom ein kvass og ein mjukare spelestil som er fascinerande å høyre på. Av og til er det noko «Hilmar Aleksandersensk» over spelemåten hans. Inge Gjevre på femradar støttar oppunder og fyller ut fela på eit vis som gjer at dette sporet vert serdeles høyrbart.

Syskjenborna Knut Håvard og Andreas Bjørkås  spelar ein lys, lett reinlender etter Ola Nerlo. Dette er sjeldant godt samspel med stor musikalitet, nerve og knakande god dansetakt. Kontrasten i lydbiletet er stor til det sporet som kjem etterpå, der Anders Bjernulf, Stig Ivars og Lars-Gunnar Bjørklund spelar Sleggvalsen. Denne har ei meir dramatisk form. Kanskje ikkje så rart sidan Anders laga denne valsen etter å ha vore på Rørosmartnan i fleire døger!

Kristin Gravaune og Andreas Bjørkås presenterer eit framifrå  samspel på fele og torader i Storpolsdansen, ein sprenglek frå Oppdal. Arrangementet er intelligent gjort og har fleire  overraskingar.

Far og son Erik og Erlend Viken har ein artig sprenglek laga av Erik Viken. Det er ein  fengslande lått, friskt spela og variert bruk av felestemmene. Lydbiletet gjev svenske assosiasjonar – ein polska ligg og vakar rett under overflata – noko som berre gjer låtten endå meir interessant. Erlend Viken har òg eit soloinnslag med reinlendar etter Olav I. Rise, framført med høg kunstnarleg og teknisk kvalitet. Det same kan ein seie om sprengleken etter Ola Nerlo som Andreas Bjørkås spelar. Båe desse karane har ein avansert spelestil som får slåttane til å blenkje. Dei spelar med stålkontroll og kvalitetssikrar kvar  tone før dei slepper han frå seg.

Eit markant innslag er masurkaen som Even Røhjell  spelar på femradar. Dette er ein lått han har lært av trekkspelaren Oddvar Hoel i Oppdal, ein melodiøs, men ikkje heilt enkel masurka. Og Even spelar han med stor virtuositet. Framføringa er mjuk, nydeleg, men samtidig med nerve, spenst og ein drivande intensitet. Sume passasjar er rett og slett utført med ekvilibristisk eleganse.

Inge Gjevre har, forutan samspelet med Schjølberg, òg eit soloinnslag på toradar. Det er interessant å leggje merke til skilnaden i spelestil mellom Gjevre og Olav Haugen. Det høyrest at Gjevre også trakterer femradaren jamt. I den vakre «Skamsarvalsen» legg han for dagen eit mjukt, virtuost og sjeldan fullverdig toradarspel. Inniblant høyrest det ut som ei heil toradargruppe.

Det er to hardingfeleinnspelingar på plata: Ottar Kåsa spelar ei form av «Fossegrimen» som ein ikkje så ofte høyrer. Forma er etter Tarjei Skinand, barnebarn av Myllarguten. Fossegrimen er ein av dei store slåttane i Telemark, og Kåsa tolkar han på ein hugtakande og  kraftfull måte. Det andre hardingfelesporet står Olav Luksengard Mjelva for, også det ein slått som ikkje så ofte vert bruka: lausen «Kvannebergen». Olav er i praktslag her; klokkereint spel med stort engasjement og intensitet.

Hovudinntrykket av Spelemannsmøte er at dette er ein storslagen, unik produksjon. Spennvidda i repertoaret er stort, lydbileta er varierte og den kunstnariske profilen i framføringane  er av høgaste kvalitet. Dette er musikk ein vil høyre opp att og opp att. Her er det mange perler, for ikkje å seie diamantar. Og siste sporet? Det er fornøyeleg; høyr sjølv!

Kvart spor kjem som ei overrasking, slik at du vert nysgjerrig og svolten på neste innslag.

 

 

Tore Viken vart tildelt Oppdal kommunes kulturpris i 2012. (Skjermdump frå opdalingen.no)