-
Annbjørg Lien med nytt album og turné
onsdag 8.02 - 11:28 -
Fra De Mollstemte Skoger
onsdag 8.02 - 13:38 -
Fleire tusen ungdomar skal danse med Frikar
onsdag 8.02 - 10:26 -
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43
Folkelarm / NFF
Spotlight Norway artistar på Folkelarm
Stiftelsen MIC Norsk musikkinformasjon arbeider også med publisering, informasjon og promotering av norsk musikk. I samband med Folkelarm inviterte dei internasjonale delegatar på guida trikketur, byvandring på Sagene/Torshov og lunsj på Sagene lunsjbar. Turen inkluderte fem musikalske innslag, alle av musikarar som er plukka ut til å spele på Showcase Scotland i Glasgow i januar.
Synnøve Bjørset starta ballet med solospel på ein veterantrikk som tok delegatane gjennom Oslo til bydel Sagene/Torhov. Der venta Valkyrien Allstars med tonar i eit gamalt portrom, før turen gjekk vidare til Fabrikktorget og Hønselouisas hus med spel av Majorstuen. I samband med lunsjen spela både Gjermund Larsen trio og Unni Boksasp.
Ein av dei største manglane på folkemusikkfeltet i Noreg er ein god kanal for direkte kontakt mellom artistar og arrangørar. Ved å leggje opp til slike direkte møter mellom artistar og musikkbransje, gjer ein noko med denne utfordringa, og styrkjer nettverket av relevante kontaktar. Fleire av artistane som spela i på delegatturen denne dagen fekk tilbod om spelejobbar internasjonalt.









