-
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Tina Kjerland er ny prosjektleiar
tirsdag 7.02 - 11:04 -
Einar Olav og Gjermund Larsen på Riksscenen
tirsdag 7.02 - 14:06 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43 -
Frikar satsar både i Valdres og Hallingdal
mandag 6.02 - 10:41
Bladet Folkemusikk
Stakk, ja takk
Ikkje alle er like komfortable med dei klamme og kollektive motekodane. I buskane lurer særleg ungdommane med nye trendar, nye retningar: kvardagsfillene. La meg forklare det med eit døme: Nyleg var eg på ein lokalkappleik på ein liten stad i Bygde-Noreg. Som eit ledd i jakta på moten anno 2010 gjorde eg systematiske observasjonar av deltakarane på scenen, godt inspirert av helten frå barndomen: Nancy Drew. Resultata var oppsiktsvekkjande, ja, nærmast urovekkjande: Dei fleste deltok i heilt daglegdagse, ordinære, ja, regelrett kjedelege klede. Betre var det ikkje frå scenekanten: Ungdommane var kledde i kvardagsskjorte, kvardagsbukse, kvardagsgenser, joggesko, longs, fillete bukser, holete bukser, halvvegsned-på-rumpa-bukser og utslitne t-skjorter. Og verst av alt: Ingen av jentene i den nemnde tevlinga deltok i stakk. Stasplagget og kappleiksplagget framfor noko, bunaden, var eit framandelement, degradert og bortgøymt på kostnad av alt det kvardagslege.
” Val av klede handlar også om å sjå bra ut”
Eg har ikkje til hensikt å tvinge frilyndte, sjølvstendige og dansande kvinner og menn inn i bestemte kleskodar. Frustrasjonen er heller av visuell art: For: Folkedansen er i tillegg til å vera ein sosial disiplin også ein oppvisingsdans, anten du deltek på kappleik eller dansar i ein annan scenisk samanheng. Dansen er ikkje berre til for deg som dansar, men står også i ein annan kontekst: som estetisk oppleving, for publikum, dommarar. Stakken, og kleda har slik eit stort visuelt, estetisk og opplevingsmessig potensial; i svivinga, i rørslene, i stega ja, i heile sitt uttrykk. Val av klede handlar ikkje berre om å føle seg vel eller kjenne seg heime i dei gode kvardagsfillene. Val av klede handlar også om å sjå bra ut, og om å kle seg etter forholda.
-
-
DesignararSkrevet av Knut (knut AT folkemusikk DOT no) [2010-05-28]Kanskje Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen kan invitere norske designarar til å utvikle unike og sjarmerande lagspeldrakter!? Kva med eit folkemusikkaftenantrekk frå Arne & Carlos? Eller ein kappleiksgenser frå Prada?
[Svar]
-
Stakk takkSkrevet av RARU (randi_varga AT hotmail DOT com) [2010-05-28]Flott at du set fokus på dette! Når det er fest, så pyntar vi oss litt,
og det er ikkje noko stigmatisering av miljøet. Sjå på skyttarfolket, dei har sitt antrekk, golfspelarar har sine antrekk, hoppdressen er på hopparen og ikkje minst; kondomdress på dei raske i sporet. Andre brukar bomull, andre signalierar verdiar med kule goretex med merke på.
[Svar]
-
Klede skapar atmosfæreSkrevet av Berit på Pynte [2010-05-27]Bra innlegg Knut! Klede er med å skapar atmosfære og stemning! Dersom alle skal kle seg likt uansett setting mister me liksom noko av stemninga i mange samanhengar. Sjølvsagt er det opp til folk flest kva dei vil ha på seg. Men som du seier.... i folkedansen så kan ein betre utnytte eit estetisk potensiale med stakk!!!! Så blir det opp til kvar og ein om dei har lyst til å spele på lag med estetikken eller ikkje..
[Svar]
-
Klær, klær, klær...Skrevet av Tuva [2010-05-26]Den enkleste løsningen er etter min mening å sløyfe hele bekledningen.Ja til nudistkappleik på Voss!
[Svar]
-
Bunad bør bli obligatorisk!Skrevet av Bunadpolitiet [2010-05-26]Eg syns det bør bli obligatorisk med bunad på kappleik. Dei som ikkje har på seg bunad bør automatisk få 34 poeng i trekk. Skjer dette i a-klassen vil det sjølvsagt medføre nedrykk og utestengjing frå dei tre neste kappleikane.
[Svar]
(6) | Tips en venn | Skriv ut | Del på Facebook









