«Trønderbarokk» er eit meistermøte mellom eit kammermusikkensemble og to av Trøndelags beste spelemenn.

Gjermund Larsen har blitt eit hushaldsnamn i norsk folkemusikk. Han er godt forankra i tradisjonsmusikken frå dei heimlege Verdalstraktene, men med Gjermund Larsen Trio har han etablert seg i eit landskap ein kan kalle kammerfolkemusikk. Både besetninga med fele, kontrabass og klaviatur, og harmoniane instrumenta skapar, gir kjensla av å høyre vel så mykje på klassisk musikk som på folkemusikk.

På den nye plata Trønderbarokk samarbeider Gjermund og broren Einar Olav med Trondheimsolistene. Her grensar kammerfolkemusikken opp mot noko som best må kunne kallast symfonisk folkemusikk. Storslegne orkesterarrangement omkransar dei to felene og leier tankane i retning barokkomponistar som Vivaldi og Händel. All musikken er skrive av Gjermund Larsen.

– Gjermund er ein fantastisk komponist. Han kjenner instrumenta våre godt, og skriv veldig bra for dei. Vi har ein felles kjærleik til barokkmusikken og gode felles musikalske grensesnitt, fortel cellist og kunstnarleg leiar i Trondheimsolistene, Øyvind Gimse.

– Gjermund og Einar Olav er framifrå musikarar, og samarbeidet vårt er utruleg tett. Brørne blir ein integrert del av ensemblet når vi speler saman, noko eg vil seie er unikt. Vi lærer òg enormt mykje av å spele med førsteklasses folkemusikarar som dei.

«Nokon meiner det absolutt ikkje er folkemusikk,
medan andre synest det er håplaust å skulle kalle han noko anna.»

Gjermund Larsen
Samarbeidet mellom Gjermund Larsen og Trondheimsolistene er etter kvart mange år gamalt. Her svinger brørne Einar Olav og Gjermund bogene saman med ensemblet på garden Frøset Østre utanfor Trondheim i 2011. Foto: Trondheimsolistene

Ein partnarskap finn formen

Samarbeidet mellom Trondheimsolistene og Gjermund byrja for alvor då Gjermund skulle ha diplomkonsert på Musikkhøgskulen i 2008. Han ønskte å ha med seg ensemblet og skrive ein suite spesielt for dei, noko ensemblet takka ja til. Suiten er gjeve ut på plata Trondheimsolistene in folk style.

Diplomkonserten i 2008 leidde til tingingsverket «Osasuite», urframført på Osafestivalen i 2010. Førdefestivalen gav dei straks oppdraget med å lage tingingsverk til dei, og i 2011 blei «Førdesuite» framført der. Både «Osasuite» og «Førdesuite» er med på deira nye plate Trønderbarokk. Gjermund Larsen sjølv nyttar gjerne omgrepet kammerfolkemusikk om musikken, som han meiner gir stor musikalsk fridom.

– Det vil alltid vere usemje i folkemusikkrinsar om denne musikken. Nokon meiner det absolutt ikkje er folkemusikk, medan andre synest det er håplaust å skulle kalle han noko anna. Det viktige for meg er å skape ny musikk. Det kjem masse ny og original musikk i dag frå norske musikarar med røter i folkemusikken, og dette er berre positivt, meiner Larsen.

«Brørne blir ein integrert del av ensemblet når vi speler saman.»

Øyvind Gimse, Trondheimsolistene

Det galne folkemusikkpublikumet

Larsen-brørne og Trondheimsolistene er for tida på lanseringsturné, og Oslo-publikummet får sjansen til å sjå og høyre dei lørdag 11. oktober på Riksscenen. Øyvind Gimse fortel at alle konsertane går for fullsette hus, og at det er ein broka tilhengjarskare som kjem for å høyre på.

– På sleppkonserten på Trondheim kammermusikkfestival gjekk det føre seg. Byen har eit trufast klassiskpublikum, med overvekt av eldre, som får med seg alt av konsertar. På denne konserten vår var det i tillegg ein stor folkemusikkontingent, dei ropte og hoia og responderte livleg på alt Gjermund sa frå scena. På dei mindre stadene vi speler, er publikum gjerne meir saumlaust: her er ein anten kulturtilhengjar eller ikkje. Ein stor del av publikum på småstadene er kulturskulebarn med foreldre, og det gjer at snittalderen nok blir litt lågare enn i Trondheim.

Gjermund og Einar Olav er søner av spelemannen og multiinstrumentalisten Geir Egil Larsen, og det er ingen tvil om kor to dei kjem ifrå musikalsk. To gongar har Gjermund vunne Landskappleiken i fele klasse A, og i 2005 stakk han som tjuefireåring av med kongepokalen. Tenkjer Gjermund på å tevle på Landskappleiken igjen?

– Dei siste åra har eg vore med nokre gongar i Fanitulltevlinga under Folkemusikkveka i Ål, men Landskappleiken har eg ikkje delteke i sidan 2005. Det er ein fin arena og ein flott stad å møte andre musikarar, og eg kjem nok til å delta att. Vi får sjå, seier han.

Vi har meir i vente frå både Gjermund og Trondheimsolistene i nær framtid. Gjermund Larsen Trio samarbeider med den svenske folkemusikktrioen Nordic om eit verk til Oslo Kirkemusikkfestival i mars neste år – ikkje overraskande med nyskrive musikk frå Gjermund. Trondheimsolistene speler på Transform festival i Trondheim 29. oktober, saman med den Uppsala-baserte trioen Väsen.

Vi har mykje å gle oss til, og plata Trønderbarokk er no å finne i ei platehylle nær deg.