Gamle og unge kappast på Oslokappleiken. Vi tok ein prat med ein av dei yngste.

Den store dagen er komen! Det er Oslokappleik, og Riksscenen i Schouskvartalet er fylt til randa med musikarar, dansarar, familie og publikum. I inngangspartiet til Riksscenen høyrer vi vaksne og unge stemmer og lyden av øving frå instrument. Førebuingane er i gang.

Folkemusikk.no byrjar dagen på klubbscenen i kjellaren, der det først er konkurranse i lagspel junior. Hedmark Juniorspellmannslag imponerer, og like etter står ein av gutane i laget på scena i spel fele – junior. Vi dreg tak i han i det han går av scena etter soloframføringa.

Trygve Liahagen, frå Ottestad ved Hamar, er ein 13 år gamal gut med eit vaksent felespel. Korleis synest han det gjekk?

– Eg trur det gjekk bra! Noko kunne vel ha vore betre, men det er vanskelig å seie akkurat no. Når du står der, med ljoset i auga og halvskjelven på handa, så tenkjer du berre: no er det berre å gjere det.

Liahagen stråler ut ei imponerade ro på scena, både åleine og i spelemannslaget. Han står godt synleg heilt fremst på scenekanten i lagspelet. Men det er stor skilnad på å spele i ensemble og solo, fortel han.

– Solo høyrer du deg sjølv så godt. Du kjenner litt meir press då.

Hedmark Juniorspellmannslag har vunne Landskappleiken tre år på rad, og speler på Meisterkonserten i Operaen søndag. Her speler dei på Oslokappleiken, med Trygve Liahagen til høgre, lengst fram på scenekanten. (Foto: Audun Stokke Hole)

Det blir spelt mykje i gangane på Riksscenen under Oslokappleiken. Her syner Trygve Liahagen fram nokre feletriks. (Foto: Henrik Kamphus)

Halvt trysling, halvt hemsedøl

Liahagen har musikken i blodet, seier han. Mora Margrete Nordmoen er kvedar frå Trysil, medan faren Herbjørn Liahagen er frå Hemsedal og speler hardingfele. Trygve dansar òg i Lek Østa, eit prosjekt i regi av Bygda dansar. Lek Østa har vitja skular i Hedmark og spreidd danseglede i eit par år, og planlegg ei stor sluttframsyning til våren.

Helga er ikkje slutt for Liahagen med Oslokappleiken. Hedmark Juniorspellmannslag skal nemleg òg spele i Operaen på Meisterkonserten søndag, då dei vann Lagspel junior-klassa på Landskappleiken i år – for tredje året på rad. Men Liahagen forsikrar oss om at dei ikkje kviler på laurbæra av den grunn.

– Det er mange flinke lag som pustar oss i nakken. Vi må øve heile tida! Det blir minimum eit par gonger i månaden gjennom heile året.

Dei heldige som har billett til Meisterkonserten søndag, får altså nok ein sjanse til å høyre spelet til denne komande storspelemannen. Til slutt må dei to utsende frå folkemusikk.no, begge amatørgitaristar, få ei lita teknisk innføring i Liahagens framifrå slåttespel. Medan andre kappleikdeltakarar øver eller prater på alle kantar kring oss, får vi høre litt meir solospel frå ungguten, før vi får med oss nokre kjekke fingerøvingar heim. Øving gjer meister.