Det største folkemusikkurset i landet for born og unge veks. I år tek elevar og lærarar med seg snippsekken og instrumenta til barske fjellstrøk mellom Valdres og Hallingdal.

Strunkeveko har sidan starten i 1998 halde hus på Valdres Folkehøgskule, i sentrum av Leira. I år blir kurset flytt til stølslaget Merket og Røde Kors sitt feriesenter der. Kursleiar for Strunkeveko Sivert Andreas Holmen gler seg over nye fasilitetar.

– Folkehøgskulen på Leira har i mange år vore ein attraktiv plass å arrangere sommarkurs, men på grunn av kapasiteten har dei ikkje lenger moglegheit til huse oss. For Strunkeveko er det mykje nostalgi knytt til flyttinga, men det er òg ei positiv fornying. Essensen av kurset er den same, og kanskje betre. Strunkeveko er fortsatt Strunkeveko, for å seia det slik.

– Kva er fordelane med å legge det heile til Merket?

– Merket har mykje erfaring med store arrangement. Det ligg også nydeleg til, og me vil få høve til å gjennomføre ein del nye aktivitetar. Flyttinga representerer også ei heving i standard: Merket har fleire enkelt- og dobbeltrom, dei fleste romma har også eigne bad. Området skapar ei flott ramme for kurset, med nærleik til naturen, bålkos, gode moglegheiter for buskspel og fine undervisingslokaler.

– Nokre bakdelar, eller?

– Flyttinga krev litt arbeid med logistikk og bruken av plassen, ikkje minst med tanke på konsertane. Difor har me i år med oss vår eigen villmann, Martin Myhr, som vil ta ansvar for mellom anna avslutningsframsyninga. I tillegg har me ei styringsgruppa med etter kvart mykje kompetanse, så eg trur det skal gå, ikkje berre knirkefritt, men aldeles strålande.

Foto: Jørn Hilme-stemnet/Strunkeveko på Instagram, @hilmestrunk
Dette er Strunkeveko
  • Det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans i Noreg. Har eksistert sidan 1998.
  • For ungdommar i alderen 11 til 24 år.
  • Ikring 90 elevar deltek på 15 ulike kurs.
  • Har i alle år vore på Valdres Folkehøgskule på Leira i Valdres, i år flyttar kurset til Merket, Røde Kors sitt feriesenter i Valdres.
  • Les meir på www.strunkeveko.no

– Kva er eigentleg Strunkeveko?

– Strunkeveko er eit vekeskurs i folkemusikk og folkedans for born og ungdom. Me har kurs for både dei som har spelt i årevis, og for dei som kanskje får si fyrste innføring i folkemusikk. Me er opptekne av å ha eit tilbod til flest mogleg. Me hyrer inn dei beste lærarane, og alle heldt eit skyhøgt nivå. For mange elevar er det også viktig å møte dei som har satsa på folkemusikken som leveveg, samstundes som vi er opptekne av å formidle at ein òg kan ha folkemusikken som hobby.

– Er det også ein talentfabrikk for å bygge og forme folkemusikktalenta?

– Me lever i dag med eit stort prestasjonsfokus. Det er viktig å få fram at Strunkeveko ikkje fyrst og fremst er til å for å lyfte fram toppane, men derimot for å skape gode opplevingar, læring og impulsar for flest mogleg. Samstundes har Strunkeveko heile tida vore ein viktig arnestad for mange unge profesjonelle folkemusikarar, ein plass for inspirasjon og utvikling.

– Sei litt om kva slags kurs de har.

– Totalt har me 15 kurs. Det er grupper på hardingfele, fele, song, langeleik, toradar, halling og folkedans, og me har fordjupingskurs i hardingfele, fele, trekkspel og halling. Fordjupingskurset er for dei som heldt eit høgt nivå og ynskjer vidare utvikling. Strunkeveko er ope for alle mellom 11 og 24 år, men me har også Ministrunken som går over to dagar og er for dei mellom 6 og 11.

– Strunkeveko er det største folkemusikkurset for born og unge i landet. Kva betyr kurset for rekrutteringa til folkemusikken generelt, trur du?

– Me som jobbar med rekruttering innanfor folkemusikk konkurrerer om tida til ungdommane, mot eit hav av andre tilbod og moglegheiter. Strunkeveko gir born og ungdom genuine og ekte opplevingar med folkemusikk, og her speler det sosiale aspektet ei stor rolle. I tillegg til den opplagte funksjonen som kursarrangør i folkemusikk og folkedans, er Strunkeveko ein viktig sosial arena. Kurset har ein fantastisk kjerne med folk som kjem tilbake år etter år, og det er denne totalpakka eit opphald på Strunkeveko representerer, som er det viktige. For mange gir Strunkeveko ein aller fyrste innføring i den sosiale kveldsdansen, og fyrste samvær med andre folkemusikarar. Nokon er kanskje ikkje ein del av eit stort folkemusikkmiljø på heimplassen, og det er fantastisk å sjå at folk finn saman og samlar seg rundt den flotte folkemusikken vår.

Kursleiar Sivert Andreas Holmen var sjølv med på Strunkeveko i ei årrekkje, og har mange minner derfrå.

­– Det eg hugsar best frå tida som elev på Strunkeveko, var alle dei nye vennskapa. Eg møtte likesinna, me kunne prate om spel, danse, lære låttar og spele for kvarandre. Eg sov aldri fyrste natta på kurset, for eg var så spent. Det var alltid kjekt å møte att gamle kjenningar, og så var det sjølvsagt stas å møte nye folk. Eit år var eg på gruppe med mellom anna Alexander Røynstrand og Margit Myhr. I år er dei tilbake som lærarar på kurset.

Strunkeveko vert som alltid arrangert i samband med Jørn Hilme-stemnet, og i år er datoen for kurset 24.-29. juli. Påmeldingsfristen er 20. juni.

Artikkelforfattaren er presse- og kommunikasjonsansvarleg for Jørn Hilme-Stemnet og Strunkeveko.