Organisasjon > Artikkel

OMORGANISERING

Svar til høyringa, og stiftingsdokument

Ny_organisasjon_logo_kvadrat_225x225

Her finn du svar til høyringa for ein ny organisasjon, samt framlegg til stiftingsdokument.

Vedtektene er no moderert og tydeleggjort noko og styret håpar at dette samt prinsipp- og arbeidsprogram vil synleggjere mykje av det som er kommentert i høyringssvara.

Styra i LfS og NFD er takksame for alle høyringssvara som har kome inn på forslaget til vedtekter for ein ny organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg. Styra har utarbeidd nytt framlegg til vedtekter, samt prinsipp- og arbeidsprogram som blir sendt til laga og medlemmene i desse dagar. I dette innlegget ønskjer me å utdjupa ein del val me har teke i lys av det som har kome fram i høyringssvara.

Ei samanslutning

Me føreslår å danne ein ny organisasjon som ei samanslutning av LfS og NFD. Gjennom dette vil me tydlegare markere dei historiske røtene til den nye organisasjonen. Det vil også synleggjere at me vidarefører føremålet og dei arbeidsoppgåvene som NFD og LfS har hatt. Dei eksisterande organisasjonane blir dermed ikkje formelt nedlagt, men verksemda blir vidareført i ein ny organisasjon.

Føremål

Føremålet for organisasjonen har me i vedtektene valt å skriva kortare og rundare enn før. Formuleringane som nokon saknar, har me valt å flytta til prinsipprogrammet for organisasjonen. Dette programmet skal innehalde dei overordna prinsippa for kva organisasjonen skal arbeide med og verdigrunnlaget til organisasjonen. Me utarbeidar også eit kortare og meir målretta arbeidsprogram der dei konkrete arbeidsoppgåvene for organisasjonen blir nemnde, og der det vil vera rom for auka satsing på enkelte nye felt. Me legg opp til at noko av det første det nye styret i organisasjonen bør gjera er å ta ein grundig diskusjon om prinsipp- og arbeidsprogram og oppfordrar til at det vert brei debatt om dette på det første ordinære årsmøtet i den nye organisasjonen.

Per i dag arbeider me med det me kan kalla norsk folkemusikk. Me opplever samtidig at me deler interesser og problemstillingar med dei som bur i Noreg i dag, men arbeider med musikk og dans frå andre tradisjonar og område i andre delar av verda. LfS og NFD arbeider i praksis for deira interesser gjennom til dømes kulturpolitisk arbeid og opplæringsarbeid i dag.

Tanken bak å nytte formuleringa ”i Noreg” er at me ikkje ønskjer å stengja ute individ eller tradisjonar så lenge vi har felles interesser. Er det nokon som bur i Noreg og er utøvar av/interessert i folkemusikk og folkedans og ser at den nye organisasjonen jobbar for hennar interesseområde, ønskjer me denne personen velkommen. Dette er eit grep for å vere opne mot eit stort og viktig miljø, men kompetansen i organisasjonen og det dei fleste medlemene våre har interesse for, vil sjølvsagt styre kva vi arbeider med.


Betre intern kommunikasjon

Me ønskjer å betre kommunikasjonen internt i miljøet. Tydelege og gode kommunikasjonsliner internt vil også gjere oss tydelegare for andre. Det er alltid ein fare for at avstanden vert stor mellom leiinga og grasrota i ein organisasjon. Me meiner dette kan bli betre enn det er i dag ved å endra struktur og forme ut eit godt demokratisk system. Me er ikkje i tvil om at ei samanslutning vil betre ressursbruken i styrearbeidet og administrasjonen.

Yrkesutøvarane representerer særskilte interesser og nye utfordringar for folkemusikken

Talet på utøvarar som vil og klarer å leve av folkemusikken og folkedansen aukar, og det er ei positiv utvikling. Det er vanskeleg å finna ein god definisjon på kven som er yrkesutøvar. Det vil i stor grad vera opp til den einskilde å definere eiga rolle. Vi har i arbeidet vore opptekne av at yrkesutøvarane har nokre særskilte interesser.

Yrkesutøvarane har interesser som gjeld arbeidsmiljølov og tariffar. Det er ikkje dette den nye organisasjonen skal arbeide med, det overlet me til fagforeiningar som til dømes Musikernes fellesorganisasjon (MFO). Grenseoppgongen mellom fagforeining og interesseorganisasjon er viktig. Likevel, yrkesutøvarane innan folkemusikk og folkedans er ei forholdsvis lita gruppering innan MFO, mellom anna fordi mange yrkesutøvarar innan folkemusikk og folkedans ikkje har fagorganisert seg. Slik kan det vera organisasjonen si oppgåve å se til at fagforeiningane arbeider grundig for folkemusikarane og folkedansarane dei har som medlemmer.

Det er andre viktige saker kor yrkesutøvarane sine særlege interesser er tydelege:

  • Arbeide for at sjangeren vår heng med på profesjonaliseringa av musikkbransjen m.a. ved å stø opp om at management og bookingbyrå får rammevilkår som gjer dei i stand til å representere folkemusikarar og folkedansarar ute og heime.
  • arrangere faglege møter og diskusjonar som gjeld yrkesutøvarane sin kvardag t.d. i samarbeid med MfO eller andre
  • arbeide for at det blir etablert fleire stillingar innanfor folkemusikk og folkedans over heile landet
  • sikra yrkesutøvarane på feltet stipendordningar og liknande gjennom kulturpolitisk arbeid
  • arbeide for at det vert forska meir og skrive meir faglitteratur innan utøving og pedagogiske tema
  • arbeide med informasjon og formidling av folkemusikk og folkedans nasjonalt og internasjonalt


Kvifor auka vekting for yrkesutøvarane

NFD og LfS går inn i ein ny organisasjon som likeverdige partar. Yrkesutøvarane er ei stor gruppering innan NFD og i dag har dei stor påverknad på NFD sitt arbeid. I den nye organisasjonen vil yrkesutøvarane vera talmessig i eit klårt mindretal. Derfor ønskjer me å framheve deira interesser i vedtektene til den nye organisasjonen gjennom eit særskilt tal på utsendingar på årsmøtet og god representasjon blant tillitsmennene i den nye organisasjonen.

Me må heller ikkje gløyme at yrkesutøvarar og andre utøvarar er gjensidig avhengige av kvarandre. Grasrotmiljø og yrkesmiljøet er to sider av same sak. Fordi yrkesutøvarane utgjer ei lita gruppe i organisasjonen, er det viktig for balansen i den nye organisasjonen at yrkesutøvarane vert vekta og slik sikrar at sakene som gjeld dei får ei reell demokratisk handsaming.

I vårt oppdaterte forslag til vedtekter har me presisert at yrkesutøvarane kan ha maks 10 utsendingar med stemmerett på årsmøtet. Dei vil ikkje ha moglegheit til å stille med fullmakter. Yrkesutøvarane er per i dag ikkje ei definert gruppe eller særlag innan den nye organisasjonen, men det må etablerast eit system for utveljing av utsendingar til årsmøtet frå denne gruppa.


Bør institusjonar bli ein del av ein ny organisasjon?

Me vil danne ein interesseorganisasjon som er basert på personleg medlemskap slik båe organisasjonane er i dag. Styra meiner det ikkje er aktuelt å ha til dømes arrangørar, festivalar, arkiv og dei regionale kompetansesentra som medlemmer. Dei demokratiske rettane i organisasjonen er basert på eit personleg medlemskap og representasjon gjennom lag og grupperingar.

Det er fleire demokratiske utfordringar ved å skulle la institusjonar vera medlemmer. Det er t.d. slik i dag at LfS er medeigar/medlem i mellom anna Telemarkfestivalen (også NFD), Hilmarfestivalen og Førdefestivalen. Me ønskjer i ein ny organisasjon å unngå ”sirkelmedlemskap”.

Det er likevel slik at vi ser nytten av eit tett og nært samarbeid mellom organisasjonane og nemnde aktørar. Me vil i det endelege forslaget til vedtekter presisere at styret har rett til å invitere organisasjonar og institusjonar som gjester med talerett på årsmøtet.

Mange delar av folkemusikkfeltet er i endring. Mellom anna er den fysiske Riksscenen snart på plass, regionale sentra for rytmisk musikk vert etablerte og me har folkemusikkscener med ulike organisering. Me må vurdere korleis denne kompetansen kan tilflyte den nye organisasjonen på sikt. Me håpar at det nye styret vil sjå vidare på kva rolle institusjonar kan ha i den nye organisasjonen dersom ein finn gode måtar å organisere dette på.

 

Områdelag = dagens fylkes- og regionlag

Me vil påpeike at me berre har bytta ut orda ”fylkes- og regionlag” i dagens LfS-vedtekter med eitt nytt omgrep, ”områdelag”. Det ligg elles ingen prinsipielle endringar i høve til områdelaga si stilling. Eit områdelag er eit lag som dekker eit større område. Dette kan vera eitt eller fleire fylke i eit lag, eller eit knippe kommunar på tvers av fylkesgrenser. Områdelaga skal ikkje utgjera eit ekstra ledd i organisasjonen. Lokallaga kan vera medlemmer i områdelaga, men i områder ein ikkje har lokallag, kan områdelaget vera første ledd. Det er valfritt å organisere seg i områdelag i følgje forslaget vårt. I vedtektene vil det ikkje stå noko om finansieringa av områdelaga. Ein kan derfor sjå føre seg ulike måtar å finansiere dei på, slik som me allereie har i dag.

At områdelag på sikt bør dekkje heile landet, er berre eit uttrykk for at me ønskjer at områda som i dag er lite organiserte, skal organisere seg og slik generere større aktivitet og samordne allereie eksisterande aktivitet.

 

Om årsmøtet og styret

Med bakgrunn i innspela frå høyringa, omarbeider me nå vedtektsforslaget:

Styret i organisasjonen er på sju personar med tre varamedlemmer. Samtidig føreslår me at ein i ein interimsperiode kallar inn varamedlemmer med full stemmerett. Det er veldig nyttig å ha brei representasjon i styret i etableringsfasen.

Me tek ut framlegget om å ha eit kontrollutval i den nye organisasjonen, men føreslår at årsmøtet oppnemner revisor.

Me går framleis inn for at årsmøtet skal haldast i november.

Me har fått mange ulike innspel på dette med heidersmedlemskap eller heiderspris. Det viktige er ønskje om å heidre medlemer og andre som gjer ein viktig innsats for folkemusikken og folkedansen. Me gjer framlegg om å etablere ein heiderspris.

Nils Øyvind Bergset
Styreleiar i Landslaget for Spelemenn

Åshild Vetrhus
Styreleiar i Norsk Folkemusikk og Danselag 

 

Under finn du framlegg til stiftingsdokument for ein ny organisasjon:

 




| Tips en venn | Skriv ut |