Hjem > Bladet Folkemusikk > Siste nytt > Artikkel

Frå Spelemannsbladet 2009/8

Sverma for folkemusikken

Ola Brenno spelar for Heinrich Himmler

Ola Brenno spelar for Heinrich Himmler

Ahnenerbe var eit forskingsinstitutt som vart skipa i 1935 i regi av tyske SS. Målet var gjennom raseforsking, arkeologi og folkeminnestudium å bevise at den nordiske rasen var den mest høgtståande og kulturskapande rasen, og at denne rasen ein gong hadde herska over verda.

Dei sørlege delane av Skandinavia vart sett på som urheimen til denne rasen. Her hadde det ikkje vore store folkevandringar, som i andre land på kontinentet. Dermed vart nordmenn sett på som meir reint nordiske enn til dømes tyskarane sjølve. Dette førde til at Ahnenerbe også ville forske i Noreg. Det vart gjort fleire registreringar av den norske kulturen, både før og under okkupasjonstida, mellom anna av helleristningar, av stavkyrkjene, og av Bryggen i Bergen. Arkitekten bak Ahnenerbe var SS-sjefen sjølv, Heinrich Himmler.

– Raseideologien til Heinrich Himmler og SS var av metafysisk art. Himmler var interessert i det han meinte var dei indre og konstante kvalitetane i rasen. I raseideologien opererte ein med ein idé om eit slags ”forfedrane sitt minne”. Dette raseminnet fann ein i kvart menneske. Ein skulle lytte til ”blodet si stemme”, fortel forskar ved Holocaustsenteret i Oslo, Terje Emberland, som er tilknytt eit forskingsprosjekt om SS og Noreg.

– Ahnenerbe meinte at kunnskapen og visdomen åt dei germanske forfedrane vart vidareført i dei rasereine kulturane. Visdomen og kunnskapen kom til uttrykk gjennom folkekulturen, særleg folkemusikken. I den norske folkekulturen spelte den nordiske rasekarakteren inn som understrengene i musikken, fortel Emberland.

Ein som var inspirert av raseideologien, var komponisten Geirr Tveitt frå Hardanger. Tveitt var på 1930-talet oppteken av å rekonstruere det han meinte var den nordiske urmusikken. I fyrste halvdel av krigen hadde Tveitt også kontakt med Ahnenerbe og besøkte institusjonen sitt hovudkvarter i Berlin. Felles for Tveitt og SS-forskarane i Ahnenerbe var førestellinga om at den norske folkemusikken spegla rasekvalitetane. Musikken var ”rein” og ”opphavleg”.

Ahnenerbe dreiv på midten av 1930-talet registrering av folkemusikken i Karelen i Finland, gjennom lydbandopptak på magnetofon. Himmler var svært begeistra over innsamlingane, og eit bilete av ein gamal finsk folkemusikar hang på kontoret til SS-sjefen i Berlin, fortel Emberland.

I 1937 ville Ahnenerbe også gå i gang med å registrere norsk folkemusikk. Den som ville gjere dette, var forskaren Christian Leden frå Trondheim. Leden var utdanna etnograf, og var kjent for å registrere inuittane sin musikk. Leden hadde sidan 1920-talet opphalde seg mykje i Berlin, og kom her med i Nordischer Ring – ein paraplyorganisasjon for forskarar og organisasjonar som ville bevare og styrke den nordiske rasen. Leden var ein sterk tilhengjar av nasjonalsosialismen, og arbeidde på denne tida med eit større arbeid for å syne samanhengen mellom folkemusikken og rasetilhøyrsla. Leden dreiv innsamling fleire stader i landet i åra 1937 og 1938.

Om SS dreiv innsamlingar av norsk folkekultur også under krigen, har ein per i dag ingen dokumentasjon for. Men Emberland meiner det er temmeleg sannsynleg. Ifylgje Emberland var fleire av dei høgtståande SS-folka i Noreg utdanna innanfor folkeminnegransking, og hadde brei kjennskap til nordisk kultur og historie.

– Ahnenerbe vart etablert i Noreg under krigen, og ein veit at interessa for det norske var stor. At det ikkje skulle vera interesse for den norske folkemusikken også under okkupasjonstida, er i så fall rart.

– Kvifor har ingen forska på dette?

– Norsk okkupasjonshistorie har vore for einsidig interessert i motstandskampen og i Nasjonal Samling – og ikkje vist særleg interesse for dei tyske okkupantane, særleg ikkje SS. Her er det verdt å leite vidare.

– Er det ubehageleg å grave meir i dette?

– Det kan det nok vere for enkelte. Førestellingane om det urnordiske og det reine lever framleis i dag. Dei romantiserte ideane frå mellomkrigstida går hand i hand med retorikken om den opphavlege og ekte folkemusikken vi òg høyrer om i dag. Slike førestellingar er ikkje nødvendigvis rasebaserte, og er nok heller eit ledd og ein arv frå eit nasjonsbyggjande prosjekt. Men kanskje bør folkemusikkmiljøet endå meir utfordre seg sjølv til å problematisere og diskutere retorikken og omgrepa i folkemusikken som opphavleg, ekte og rein, seier Emberland.


/ Knut Aastad Bråten, Spelemannsbladet 2009/8


 

    Dei "farlege" orda
    Skrevet av J.L.Michaelsen [29.01 12:31]
    Terje Emberland er, i følgje oppslag i Spelemannsbladet, forskar ved Holocaustsenteret i Oslo. Han har no funni ut at nazistane sverma for norsk folkemusikk og så bortetter – og har fått koma til med ei utgreiing i Spelemannsbladet.

    Heinrich Himmler blir presentert som den sentrale personen i denne saka. For dei fleste andre står han som ”inkarnasjonen av den tyske terror”, men Emberland manar fram eit anna bilete av han og meiner visst han har hatt genuin interesse for musikk. Om Himmler sjølv var ekte glad i musikk, veit eg ikkje. At mange av tyskarane i NS-systemet hadde interesse for musikk, det veit vi elles frå andre kjelder. At Hermann Sachnowitz overlevde, kom av at dei kunne bruke han i eit orkester. Vi har også ei forteljing om at jødar kunne få lov å halde konsert i leiren. Det høyrer med i forteljinga at dei som hadde haldi denne konserten, vart sende saman i gasskamera. Dei hadde vori saman om å gje andre ei musikalsk oppleving, og dei fekk døy saman.

    Kontrasten mellom at leirtyrannane klarte å pine folk til døde i eine minuttet og lytte til vakker musikk i neste, har vori ei av dei store gåtene for folk som studerer soga om andre verdskrigen. Men om leirtyrannane verka som spalta personlegdomar på den måten, så er det ingen som trur at alle som lyttar til den same musikken, er spalta personlegdomar.

    Emberland meiner det er ”temmelig sannsynlig” at SS dreiv innsamling av norsk folkekultur. Det hadde vori spennande om han kunne koma med prov. I det vesle og oversiktlege norske samfunnet ville vel slikt bli observert? Slik det står, verkar det temmeleg laust fundert.

    På slutten av oppslaget i Spelemannsbladet tek det heilt av og løyser seg frå alle vitskaplege band. Spørsmålet er jo om det er ”ubehagelig” å ”grave meir i dette”. Og så kjem det: Saka er nemleg at folkemusikkmiljøet bør ”utfordre seg sjølv” og ”problematisere og diskutere retorikken og omgrepa i folkemusikken som opphavleg, ekte og rein,” seier Emberland.
    For nemleg: Også nazistane brukte slike ord!

    Med dette har vi fått god grunn til å tvile på det vitskaplege nivået i heile artikkelen. Her har det blitt så låttleg at eg ler og hujar til nærmaste familiemedlem: ”Herregud, no skal vi få det moro! Han der Terje Emberland vil nok snart gå laus på ”norsk-mat-tankegangen”! Dei talar jo om ”kortreist mat”, og ”opphavleg” smak, dei bruker ord som ”ekte” og ”reint”! Dei vil ha maten utan e-ar og kunstige tilsetjingar! Berre vent, så vil Terje Emberland krevja at dei skal drive sjølvgransking og sjå på seg sjølv som potensielle nazistar!

    Kanskje eg bør forklare kvifor eg tykte det der var så låttleg. Vel, her kjem det ei freisting på det også: Ein kan ikkje hindre folk av alle politiske avskygningar i å bruke dei orda som eksisterer i språket. Om alle bruker orda presis på same vis, er ei anna sak, og om enkelte grip til positive ord og ikkje kjenner seg forplikta av dei positive orda når det kjem til stykket, er det også ei anna sak. Politikarar gjer jo ofte det, difor har vi også eit ord som heiter ”valflesk”. Men vi kan ikkje difor kaste ut av språket vårt dei orda politikarane misbrukte. Og vi kan ikkje skapa eit splinter nytt språk berre av di nazistane brukte dei same orda som vi må greie oss med.

    At det skulle vera farleg å vera oppteken av det som er opphavleg, ekte og reint, smakar også av politisk hysteri. Politisk hysteri er diverre ikkje heilt ufarleg og var meir typisk for nazismen enn eventuell kulturinteresse.

    I denne samanhengen vil eg nemne at fleire som har jobba med dette problemfeltet, har fokusert nettopp på det dilettantiske ved nazismen. Til dømes historieskriving som ikkje fortener namnet forsking, kravet om at Hitler skulle bli sett på som ein stor tenkjar, kunst som ikkje var opphavleg og heller ikkje ”rein” i og med at det som vart produsert, vart produsert med den baktanken at det skulle vera reklame for nazismen.

    Ei av sogene frå krigstida set lys på nettopp det dilettantiske. Det gjeld musikaren som undrar seg over at ein av generalane har mista jobben sin. Da svara generalen, så vidt eg hugsar her og no: ”Dersom føraren hadde kunna spela munnharmonika, hadde De også mist jobben, Hr. Dirigent.”

    Munnharmonika” eller ”munnspel” er namn på eit instrument som både eksisterer som leiksak og som vakse, seriøst instrument. Det er kanskje ikkje naudsynt å forklare at det som er nemnt her, er leiksakutgåva. Det å kunne spela eit leiksakmunnspel, er temmeleg lite pretensiøst. At vi i etterkrigstida har opplevd gode munnspelkunstnarar, bør ikkje hindre at vi oppfattar det knusande i replikken.

    Lat meg avslutte med å seia at eg er tilhengjar av rein mat med opphavleg smak og ekte varer både i det lekamlege og andlege livet. Eg er samd med dei som fokuserer på dilettanteriet i nazismen, og eg er spesielt redd for kvasihistorieskriving, for det var det som la grunnlaget for heile rasefantasien til nazistane.

    Johanne Michaelsen



(1) | Tips en venn | Skriv ut |