-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Vellykka Blømingsfestival i Kinsarvik
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51
Søknadsfrist 1. november
Tid for å søke om Frifond-midler 2011
Det er to Frifond-ordningar som kan vere aktuelle for lokallaga i FolkOrg, Frifond organisasjon og Frifond musikk.
Frifond organisasjon
Frifond Organisasjon har som formål å bidra til auka aktivitet i lokallaga i dei store nasjonale organisasjonane, og tilskot frå ordninga kan gå til:
• lag som generell grunnstønad til oppstart, drift og aktivitet.
• øyremerka prosjekt eller bestemte aktivitetar i laget.
Frifond forvaltast gjennom FolkOrg som paraplyorganisasjon for medlemslaga i organisasjonen. Dette er dei sentrale krava for å søke:
1. Dei lokale laga og gruppene må vere demokratisk oppbygde
2. Dei lokale laga og gruppene må ha eit allmennyttig siktemål
3. Dei lokale laga og gruppene må ha kulturaktivitet som ein del av si verksemd
4. Dei lokale laga og gruppene skal arbeide i lokalmiljøet
5. Dei lokale laga og gruppene skal arbeide for og med barn og unge under 26 år
6. Berre lag som har minst 1/3 (33 %) av medlemmene under 26 år, kan få tilskot.
NB: Krins-, fylkes- eller regionleddet kan ikkje motta tilskot frå Frifond Organisasjon. Unntak frå dette er organisasjonar der fylkeslaget fungerer som lokallag.
Søknadsfrist for Frifond Organisasjon er 1. november:
Før du sender inn søknaden må du ha klart følgjande informasjon om laget ditt:
• Totalt tal på medlemmer i laget
• Tal på alle medlemmar under 26 år
• Prosjektskisse / skildring av prosjektet
Du sender inn søknad gjennom søknadsskjemaet som du finn i botn av sida.
Frifond musikk
Dersom laget ditt ikkje oppfyller krava om minst 1/3 av medlemmene under 26 år, men likevel har planar om å ha eit kurs, arrangement, konsert eller liknande for born og unge under 26 år, då kan kursdeltakarane / arrangør-gruppa søkje tilskot frå Frifond Musikk. Merk deg at at FolkOrgs medlemslag ikkje kan stå som arrangør her.
Merk deg også at lag som har fått tilskot frå Frifond Organisasjon ikkje kan søke Frifond musikk.
Frifond Musikk har ingen søknadsfrist, du kan søkje gjennom heile året.
Hjå Norsk musikkråd finn du informasjon om tilskotsordninga, samt søknadsskjema:
http://www.frifond.no/musikk/retningslinjer
Har du spørsmål?
Ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes - linda@folkemusikk.no - 22 00 56 94 / 48 10 50 75
SØKNADSSKJEMA FOR FRIFOND ORGANISASJON










