Gudbrandsdalskappleiken på Otta laurdag 14. april fekk uvanleg stor og god oppslutning, med over 200 deltakarar og full sal frå høgs dag til seint på kveld i Solvang ungdomshus. At rekrutteringa i dalen har bore frukt, var lett å sjå og høyre.

Toppbilete: Tre lag mønstra i lagdans på Gudbrandskappleiken 14. april. Her er det årets arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Skjåk spel- og dansarlag, som svingar seg i springleik.

Meir enn 120  år etter at den fyrste kappleiken vart avvikla her til lands, og 36 år etter oppstart av Gudbrandsdalen folkemusikklag i 1982, kan distriktslaget notere full blomstring på nær sagt alle felt. Det mest gledelege av alt er nok den vokale veksten, som Lom står for mykje av, men som også Sør-Fron har gripe fatt i. Det var god oppslutning i nær sagt alle klasser.

Spesielt durspel/trekkspel hadde vekt fleire tidlegare aktive til live. I den gjæve klassa fele senior var det reine landskappleiknivået – og i lagspel stilte alle «dei fem store»: Sør-Fron spelemannslag, Sel og Otta spelemanslag, Lom spelemannslag, Vågå spel- og dansarlag og dei som vart klassevinnarar: Mukampen spelmannslag.

Mari Midtli frå Sel var einaste deltakar i vokal senior, men oppnådde den totalt høgaste poengsummen på kappleiken og sikra seg dermed ein sjekk på 5.000 kroner. Den «konverterte» lomværen Øystein Nicolaysen frå Ål i Hallingdal lurte dølane og gjekk til topps i ei god klasse for durspel/trekkspel, med kappleikgeneral Mads Erik Odde på andreplass.

I den gjæve kappleiksklassa solo fele er Aslak Brimi og Astrid Sulheim både spelkompisar og «arge» konkurrentar. Denne gongen var det liten tvil om at bøverdalsdoktoren kom best ut av det, med springleikane «Gamel-husen» og «Gamel-Eirikhallingen». Brimi spelte «Memuruhallingen» etter Ola Moløkken og «Ida», springleik av Mathias Bismo, med eit lite fyryspel attåt. Sulheim vann også gruppespel i lag med «Tufskrøkjun» Kari Grøsland, Synne Grothe og Ann-Kristin Odnes.

Gateprest med bassklarinett

Carl Petter Opsahl, Oslo, og Kjartan Haugen Foss, Lom, bidrog til å utvide kappleikrepertoaret: I klassa for andre instrument stilte dei opp med høvesvis bassklarinett og akustisk gitar.

– Eg elskar Gudbrandsdalen! jubla Carl Petter Opsahl da han vart kåra til vinnar av andre instrument senior. 53-åringen frå Oslo er kjent som gateprest, jazzmusikar og musikkmeldar i VG, og han var med på å starte opp Caledonia Jazzband i 1982 og Chateu Neuf Spelemannslag i 1994. For tida fordjupar han seg i gudbrandsdalsmusikk på Ole Bull Akademiet, med Aslak Opsahl Brimi frå Garmo som lærar (dei to Opsahlane skal ikkje vere i slekt).

Opsahl stilte med ganske utradisjonelt kappleikinstrument, bassklarinett, og framførte først salmetone etter Kristian P. Aasmundstad knytt opp mot påska og deretter springleiken «Bestemor Vårdalé» lært av Brimi. Det fall i god smak hos både dommarar og publikum.

Unge Kjartan Haugen Foss frå Lom, til dagleg elev på musikklina på Vinstra vidaregåande skule, imponerte med utsøkt slåttespel på gitar. Her spelte han attpåtil ein halling han sjølv har komponert. Han deltok også i fele senior, og i lagspelet med Lom spelemannslag. Denne karen får vi heilt sikkert høyre meir til.

DEBUTANT: Carl Petter Opsahl, Oslo, fordjupar seg i gudbrandsdalsmusikk på Ole Bull Akademiet. Han debuterte på kappleik med å spela salmetone etter Kristian P. Aasmundstad og springleiken «Bestemor Vårdalé» – på bassklarinett.
LITOL JENTE: Fem år gamle Elida Grindstuen Lie frå Sel tykte det var tryggast å ha med mor Linda på scena da ho passande song «Eg veit ei litol jente...».

Arena for dei unge

Juniorvinnarane Ragna Valde Sletten, Vågå, og Even Offerdal Bakken, Lom, imponerte stort på høvesvis fele og durspel. Iselin Aukrust, Lom, vann juniorklassene i vokal både solo og i gruppe med Fjelltite. Ho vart òg nummer to på fele – her var det stor framgang å notere frå stemna i fjor sommar.

Gudbrandsdalskappleiken heldt ei tid på å sovne inn, og det vart difor satsa på å leggje til rette for og skape ein arena for yngre utøvarar. Det har vore lagt stor vekt på å få unge til å stille opp og få røynsle med «scenekunsten». Programleiarane Camilla Granlien, Lillehammer, og Øystein Rudi, Sør-Fron, slo da også innleiingsvis fast at her skal det vera «mykje leik og lite kapp».

Ei udømd rekruttklasse, og eit felles dommarpanel for alle klasser, var med på å byggje opp under dette. Dommarane var Ole Morten Blankenborg, Skjåk, Ingebjørg Sandum, Lalm, og Rolf Bjørgan, Sel. Rekruttgruppa til vertslaget Sel og Otta spel- og dansarlag opna på høvisk vis kappleiken, og så kom sjarmørane på laupande band, som solistar, duo, trio og grupper av mange slag. Det er ingen tvil om at folkemusikken i Gudbrandsdalen lever i beste velgåande!