Hjem > Artikkel

Hardingfelesenteret i Hardanger

Tina Kjerland er ny prosjektleiar

Foto: Aliona Pozdniakova

Foto: Aliona Pozdniakova

Hardanger og Voss museum ynskjer som kjend å etablera eit hardingfelesenter i Hardanger. No har Tina Kjerland takka ja til prosjektleiarstillinga for å få eit nasjonalt hardingfelesenter lagt til Hardanger. Leiinga ved Hardanger og Voss museum er optimistiske med tanke på arbeid og framdrift for prosjektet.

Styrar ved Hardanger folkemuseum, Agnete Sivertsen, seier til Haradanger Folkeblad at ho er svært glad for at Tina Kjerland tek på seg prosjektleiinga.
 
- Ho tek til i stillinga umiddelbart, og skal ha arbeidsplass på Utne.

Kjerland er sjølv hardingfelespelar, og skriv no på ei masteroppgåve i folkemusikk ved Høgskulen i Telemark. Ho har tidlegare også bidratt med tekstar til Hardanger Historielag.

Ho sat også i styringsgruppa for prosjekt nasjonalt felesenter som representant for Hardanger spelemannslag.

Hardanger og Voss museum har fått midlar frå Hardangerrådet og Hordalad fylkeskommune til å gå i gang med forprosjektet. Prosjektleiaren skal no ta fatt i arbeidet med etablering av senteret i samarbeid med stryingsgruppa, og vil m.a. foreta ei grunnlags- og behovsanalyse i samarbeid med aktuelle fagmiljø og brukarmiljø.

I samarbeid med styringsgruppa skal prosjektleiar også kome med framlegg om form og innhald i senteret. Andre vikltige arbeidsoppgåver er  nettverksbygging og samarbeid med andre aktørar, samt framlegg til finansiering og organisering av prosjektet. Dette skal munne ut i ein søknad til fylket i 2013 om KUP-midlar til eit hovudprosjekt.

Alt onsdag 8. februar skal Kjerland i møte på museet , der ein skal staka ut kurs for arbeidet frametter.

Interesserte kan lese saka hos Hardanger Folkeblad her. På denne lenka frå Hardanger og Voss Museum kan du lese ein større presentasjon av prosjektet.


 


| Tips en venn | Skriv ut |