Hjem > Artikkel
Debattinnlegg av Kjell Bitustøyl
To hardingfelesenter?
Både Bø i Telemark og Hardangerregionen ønskjer å byggje eit nasjonalt hardingfelesenter. I Bø har ein allereie etablert organisasjonen, medan dei i Hardanger framleis er i planleggingsfasen. Kjell Bitustøyl leverer her eit innspel om samarbeid.
![]() |
| Faksimile frå Hardanger Folkeblad |
Felles for dei to initiativa omkring hardingfela er at ein ikkje ynskjer å sjå på hardingfela som ein museumsgjenstand, hardingfela er og skal vera i bruk. Ordførar i Granvin Herad Jan Ivar Rødland er oppteken av å føre tradisjonane vidare og legg stor vekt på den gode rekruttering ein har i distriktet. I Bø er ein òg oppteken av dette, der heiter det at verksemda skal ha som sitt formål bl.a. å "utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer".
At to hardingfelesenter i kvart sitt distrikt er på gang, er absolutt positivt. Den politiske viljen til å rette fokus mot eigen kultur og eigne tradisjonar er tydleg sterk på båe sider av Haukelifjell. Og ein skal ikkje sjå bort frå ein viss "konkurranse-effekt" ved at to ulike regionar syslar med same tanken.
Men korleis takle dette vidare? For utanverda kan dette skape forvirring, for kva seier politikarane: Fyrst ordførar Rødland i Granvin: "Både fysisk og mentalt bør Norge få eit nasjonalt senter for hardingfela, og eg ser det naturleg at det vert i Hardanger." (Hardanger Folkeblad 21.01.10). Og i Bø kommune snakkar ordførar Arne Storhaug om å etablere Norsk hardingfelesenter AS som eit "nasjonalt fyrtårn". (Bø Blad 26.11.09)
![]() |
| Faksimile frå Telemark arbeiderblad |
Etter at Helland-Steintjønndal-perioden ebbar ut ca. 1970, flyt tyngdepunktet seg vestover att. Ikkje minst gjeld dette felemakarane Håvard Kvandal og Anders Åsen frå Hardanger. Desse to får dyktige arvtakarar i hardingen Olav Vindal og Sigvald Rørlien frå Voss. Våren 2009 kjem ungdomen Ottar Kåsa frå Arabygdi flyttande til Bø etter tre års læretid hjå Sigvald Rørlien. Kåsa har no etablert seg i Bø med eigen felemakarverkstad. Dette er ferskvare og syner at sambandet aust-vest stadig fungerer.
Utveksling av kunnskap, handverk og kunst innafor felemakeriet bør vera basis i eit vidare samarbeid mellom dei to hardingfelesentra som er på trappene. Og einaste måten å få dette til på, er å opprette ein god dialog. Klokskap bør gå framom patriotisme, samarbeid bør gå framom åleinegang. Politikarar frå ulike fylke er kjende for å samarbeide om einskilde saker, mykje av dette har handla om vegsambandet på tvers. No er det eit gullkanta høve til å bruke vegen til det han skal brukast til: frakte personar, og med det - idear og kunnskap trygt fram og tilbake over fjellet.
Mange kjenner soga om Myllarguten, han er den som fremst av alle sytte for at hardingfelemusikken utvikla seg til å blei ein felles rik og mangfaldig tradisjon i desse to regionane. Dette åleine må vera ein inspirasjon til å etablere eit sterkt samarbeid.
Dersom ein delegasjon sett saman av folk frå Telemark og Hardanger kjem til departementet med ei klar skisse til eit konstruktivt samarbeid om eitt eller to hardingfelesenter bygd på lokalt særpreg og ei form for arbeidsdeling, vil det vera eit viktig signal. Og i og med den vellykka fusjonen mellom dei to folkemusikkorganisasjonane NFD og LfS, er klimaet for samarbeid innafor folkemusikksektoren betre enn på lenge. Folkemusikkmiljøa i Telemark og Hardanger/Voss er truleg svært så mogne for eit tettare samarbeid slik eg kjenner dei. Dette bør politikarane merke seg.
/ Kjell Bitustøyl tidlegare prosjektleiar for Hardingfelesenteret i Bø












