Hjem > Artikkel

Debattinnlegg av Kjell Bitustøyl

To hardingfelesenter?

hardingfeler440

Både Bø i Telemark og Hardangerregionen ønskjer å byggje eit nasjonalt hardingfelesenter. I Bø har ein allereie etablert organisasjonen, medan dei i Hardanger framleis er i planleggingsfasen. Kjell Bitustøyl leverer her eit innspel om samarbeid.
Article image
Faksimile frå Hardanger Folkeblad
Av og til spelar tilfeldige hendingar oss eit skikkelege puss. Slik var det fredag 22.01.2010 då Norsk hardingfelesenter AS formelt blei stifta som eit aksjeselskap i Bø i Telemark. Bø kommune er eigar, men har fått kapitaltilskot frå Telemark fylkeskommune og Midt-Telemark Næringsutvikling. Eit breitt samansett styre er oppretta. Same dag har Hardanger Folkeblad eit stort oppslag om etablering av eit hardingfelesenter i Hardanger der ein tek for seg ulike sider ved ei etablering av eit slikt senter i Hardanger.

Felles for dei to initiativa omkring hardingfela er at ein ikkje ynskjer å sjå på hardingfela som ein museumsgjenstand, hardingfela er og skal vera i bruk. Ordførar i Granvin Herad Jan Ivar Rødland er oppteken av å føre tradisjonane vidare og legg stor vekt på den gode rekruttering ein har i distriktet. I Bø er ein òg oppteken av dette, der heiter det at verksemda skal ha som sitt formål bl.a. å "utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer".

At to hardingfelesenter i kvart sitt distrikt er på gang, er absolutt positivt. Den politiske viljen til å rette fokus mot eigen kultur og eigne tradisjonar er tydleg sterk på båe sider av Haukelifjell. Og ein skal ikkje sjå bort frå ein viss "konkurranse-effekt" ved at to ulike regionar syslar med same tanken.
Men korleis takle dette vidare? For utanverda kan dette skape forvirring, for kva seier politikarane: Fyrst ordførar Rødland i Granvin: "Både fysisk og mentalt bør Norge få eit nasjonalt senter for hardingfela, og eg ser det naturleg at det vert i Hardanger." (Hardanger Folkeblad 21.01.10). Og i Bø kommune snakkar ordførar Arne Storhaug om å etablere Norsk hardingfelesenter AS som eit "nasjonalt fyrtårn". (Bø Blad 26.11.09)

Article image
Faksimile frå Telemark arbeiderblad
Nasjonalt senter her og nasjonalt fyrtårn der - i teorien kan det liggje ein kime til strid og dragkamp her. Men samarbeidsviljen er der. Ordførar Rødland seier til HF at "Bø har allereie etablert eit senter. Det vil vera naturleg å samarbeida med dei." Tilsvarande signal har kome frå Bø. Likevel står ein overfor ei utfordring: Skal ein etablere to uavhengige nasjonale senter som samarbeider, eller skal ein opprette eitt nasjonalt hardingfelesenter med to avdelingar? Som kjennar av hardingfelemiljøet gjennom mange år i båe område, vil eg gjera meg til talsmann for at ein samarbeider på breitt plan. Historia om hardingfela talar for seg: Instrumentet har namnet sitt og opphavet sitt i Hardanger, og det er i Hardanger instrumentet får si utforming - det er nok å nemne felemakarane Isak og Trond Botnen. Impulsen kjem over til Telemark (og andre distrikt austafjells) ein gong på andre halvdel av 1700-talet. Frå ca. 1815 byrjar den fyrste i Helland-familien i Bø å byggje feler, noko som skulle bli starten på ein gullalder for hardingfela der særleg Bø spela ei heilt sentral rolle i nasjonal samanheng. For det er telemarkingen Erik Johnsen Helland som utformar "den moderne hardingfela".

Etter at Helland-Steintjønndal-perioden ebbar ut ca. 1970, flyt tyngdepunktet seg vestover att. Ikkje minst gjeld dette felemakarane Håvard Kvandal og Anders Åsen frå Hardanger. Desse to får dyktige arvtakarar i hardingen Olav Vindal og Sigvald Rørlien frå Voss. Våren 2009 kjem ungdomen Ottar Kåsa frå Arabygdi flyttande til Bø etter tre års læretid hjå Sigvald Rørlien. Kåsa har no etablert seg i Bø med eigen felemakarverkstad. Dette er ferskvare og syner at sambandet aust-vest stadig fungerer.
Utveksling av kunnskap, handverk og kunst innafor felemakeriet bør vera basis i eit vidare samarbeid mellom dei to hardingfelesentra som er på trappene. Og einaste måten å få dette til på, er å opprette ein god dialog. Klokskap bør gå framom patriotisme, samarbeid bør gå framom åleinegang. Politikarar frå ulike fylke er kjende for å samarbeide om einskilde saker, mykje av dette har handla om vegsambandet på tvers. No er det eit gullkanta høve til å bruke vegen til det han skal brukast til: frakte personar, og med det - idear og kunnskap trygt fram og tilbake over fjellet.
Mange kjenner soga om Myllarguten, han er den som fremst av alle sytte for at hardingfelemusikken utvikla seg til å blei ein felles rik og mangfaldig tradisjon i desse to regionane. Dette åleine må vera ein inspirasjon til å etablere eit sterkt samarbeid.

Dersom ein delegasjon sett saman av folk frå Telemark og Hardanger kjem til departementet med ei klar skisse til eit konstruktivt samarbeid om eitt eller to hardingfelesenter bygd på lokalt særpreg og ei form for arbeidsdeling, vil det vera eit viktig signal. Og i og med den vellykka fusjonen mellom dei to folkemusikkorganisasjonane NFD og LfS, er klimaet for samarbeid innafor folkemusikksektoren betre enn på lenge. Folkemusikkmiljøa i Telemark og Hardanger/Voss er truleg svært så mogne for eit tettare samarbeid slik eg kjenner dei. Dette bør politikarane merke seg.

/ Kjell Bitustøyl tidlegare prosjektleiar for Hardingfelesenteret i Bø

  • Hardingfelesenter
    Vi ser at nytt senter for hardingfela er opna i Bø i Telemark. Dette er eit prosjekt som det har vore arbeidd med i mange år, og det er no svært gledeleg at ein har fått realisert dette tiltaket. Vi ved Ole Bull Akademiet har ytt vårt til at dette kunne realiserast i den form det har fått: Felemakar Ottar Kåsa har fått opplæring i tre år ved felemakarverkstaden vår, der felemakar Sigvald Rørlien har vore heilt sentral. Vi har også hatt ein lærling til, Bård Riise-Hoel, som har gått tre år i lære hjå Rørlien. Han er no engasjert i 50% stilling ved felemakarverkstaden, og vi vonar at det blir nok aktivitet i framtida slik at han etter kvart kan få full stilling. Han ynskjer også å gå vidare i faget - til våren skal han studere nokre månader hjå fiolinmakarar i Potsdam i Tyskland.
    Det er nyleg sett ned eit arbeidsgruppe som skal utarbeide planar og strategi for å opprette ei fast utdanning i felemakarfaget ved Ole Bull Akademiet. Dette er i samsvar med utgreiinga De norske instrumentbyggertradisjonene – en situasjonsrapport. Rådet for folkemusikk og folkedans 2009. Rapporten er utarbeidd av Bjørn Aksdal, Kjell Bitustøyl og Elisabeth Kværne. Rapporten konkluderer med at ”Etter utvalgets mening er det Ole Bull Akademiet på Voss som i dag står fram som det mest naturlige stedet for å inneha funksjonen som kjernested for en felemakerutdanning”.
    Kjell Bitustøyl stod i starten sentralt i arbeidet med å utarbeide prosjektplanar for Hardingfelesentret i Bø. I innlegget hans 27. januar, ”Eitt eller to hardingfelesenter”, ser vi at han no har han hoppa over fjellet og ned i fjorden, og det må han gjerne gjere. Så skriv han m.a. at ”Utveksling av kunnskap, handverk og kunst innafor felemakeriet bør vere basis i eit vidare samarbeid mellom dei to hardingfelesentra som er på trappene”. Det er med basis i slike formuleringar vi med undring noterer at han ikkje nemner vårt arbeid med felemakarverkstaden med eit einaste ord. Faktum er at det er Ole Bull Akademiet som har ein aktiv felemakarverkstad i regionen i dag, og vi har eit svært godt samarbeid med Ottar Kåsa og prosjektet i Bø, eit samarbeid som vil ynskjer å halde fram med. Dette samarbeidet gjeld faglege spørsmål om felemakararbeid, sentret i Bø forhandlar våre Mosafinn-strenger, og elles veit eg at felemakarane Kåsa og Riise-Hoel har jamleg kontakt både om praktiske og faglege spørsmål.
    Bitustøyl skriv vidare at ”klokskap bør gå framom patriotisme, samarbeid bør gå framom åleinegang.” Det er kloke ord. Kjell Bitustøyl kjenner svært godt til det arbeidet vi gjer og har gjort på folkemusikk- og felemakarfeltet. Kor blir det då av klokskapen i innlegget hans?
    Gunnar Stubseid

(1) | Tips en venn | Skriv ut |