For tre år sidan gav Tore Viken ut plate i samband med sin syttiårsdag. Han har nå sleppt ein oppfølgjar, med eit like stjernespekka utval musikarar.

Spelemannsmøte vart utgjeve for tre år sidan. I samband med at han runda 70 år, inviterte Tore Viken, sentral person i folkemusikken i Oppdal i tiår, nokre av dei spelemenn og -kvinner som han set svært høgt til å spela inn slåttemusikk og runddansspel. Det vart gjort fleire opptak den gongen enn det var plass til på ein CD, og saman med nokre nye opptak er desse nå kome ut under tittelen «Spelemannsmøte II».

Mange sentrale tradisjonsområde er representert på plata: Oppdal, Røros, Ottadalen, Vest-Telemark og Hallingdal, dessutan Dalarna i Sverige. Utøvarane er av dei fremste me har her i landet, og har samla sett vunne dusinvis av sigrar på landsfestival og landskappleik, inkludert tre kongepokalar. Dette borgar for høg kvalitet både i utføring og repertoar. Som den fyrste plata inneheld også Spelemannsmøte II både slåttemusikk og runddansspel, men den nye utgjevinga har ein meir markert solistprofil.

Leif Inge Schjølberg imponerer med drivande, kraftfullt og rytmisk spel i springleikane etter Jakob Skogum og Petter Eide. Reinlendaren «Den frilynde» vert framført nydeleg og dansbart i samspel med Inge Gjevre på trekkspel, med ein roleg, men eggjande takt. Det er ikkje tilfeldig at Schjølberg i si tid vart tildelt Hilmar Aleksandersens musikkpris; ein høyrer ekkoet frå meisterspelemannen frå Steinkjer.

Inge Gjevre er spanande å høyre på, anten det er toradar eller femradar; både i samspel med fela, og solo på durspel, lagar han kreative arrangement som lyfter låttane. Serleg er springleiken hugtakande: Han byrjar som eit stort munnspel og endar opp med at det høyrest som Gjevre spelar på to durspel samtidig; frå det enkle til det samansette og innfløkte. Bassbruken er virtuost utført.

Olav Haugen, ein annan meister på durspel, har ein heilt annan spelestil. Det er så gjennomført, utan fiksfakseri, «gamalt» og opphaveleg, med tonar hogde i stein og ein fascinerande bruk av basstonane.

Oppdal er naturleg nok breitt representert med fleire opptak. Even Røhjell spelar ein sprenglek på femradar. Det er krevjande å spela bygdedans på femradar; ikkje alle trekkspelarar maktar det på ein truverdig måte, men Røhjell leverer ekte vare. Andreas Bjørkås og Kristin Gravaune læt ein halling i samspel på fele og toradar. Samspelet er kreativt og arrangementet avansert, «høgskuleprega» i positiv meining av ordet. Det er sjeldan ein høyrer så oppfinnsamt samspel, ikkje minst på toradar. Knut Håvard Bjørkås presenterer ein svært god sprenglek av Olav I. Rise, og ein rytmisk interessant vals frå Innherred. Erlend Viken har med ein eigenkomponert vals med eit lyrisk og stemningsfullt preg, vakkert utført.

Astrid Sulheim er inne med to springleikar. Begge er gjennomført med det som kjenneteiknar Astrid på sitt beste: Ho slepper ikkje tonane før dei har gjort eit fullverdig «arbeid». Det gjer at ho har ein underliggjande dåm i spelet som få gjer ho etter.

Omslagsillustrasjon av Tone Rise Viken
Diverse artistar: Spelemannsmøte II
  • Produsert av Tore Viken, miksa av Stein Bratland, Sjur Viken og Vebjørn Moen
  • CD er til sals og kan tingast hjå Tore Viken, tlf. 91866731

Trioen frå Dalarna, Anders Bjernulf, Stig Ivars og Lars-Gunnar Bjørklund, bidreg med framifrå samspel på feler og «dragspel». Serleg det eine kuttet, ein fengjande polska/pols, får det til å rykkje ekstra i dansefoten.

Tron Steffen Westberg vartar opp med «kongeleg» polsspel, som det høver seg ein kongepokalvinnar. Begge polsane er melodiøse og med godt dansedriv. Den eine polsen, etter Marta-Johannes, står fram med eit interessant ljodbilete. Bortsett frå takt og rytme, får melodilina tankane inn på ein valdres- eller hallingspringar.

Det er to hardingfeleutøvarar på «Spelemannsmøte II». Ottar Kåsa spelar ein gamal gangar som i rytmikk og tonebilete minner sterkt om setesdalsspel. Elles er det ein fryd å høyre Kåsa tolke den kjende springaren «Frå morgon til kveld», leikande lett med framifrå danserytme. Betre kan det knapt gjerast. Olav Luksengård Mjelva har dei siste innslaga på CD-en. Han spelar fyrst eit nydeleg telemarkinspirert fyrispel etter storspelemannen Tor Grimsgard, før han avsluttar med springaren «Skinntrøya» som nesten tek pusten av lydaren. Det er voldsamt spel, og ei høgverdig avslutning på ei svært variert og høyrbar folkemusikkutgjeving.