Hjem > Bladet Folkemusikk > Siste nytt > Artikkel

Platemelding

Ungdoms glans

Bondal og frogner

-"Båe spelemennene har det til felles at dei har hatt evna til å plukke opp variasjonsrikdomen til førebileta sine og gjengjeva dette på ein smakfull måte, utan at dei blei reine kopiar av nokon", skriv Per Anders Buen Garnås om arkivplata med Gunleik Bondal og Sigurd Frogner.
Kappleiksspel frå Telemark og Numedal
Gunleik Bondal/Sigurd Frogner
ta:lik

På denne CD-en er me så heldige å få eit gjenhøyr med Gunleik Bondal frå Tuddal i Telemark og Sigurd Frogner frå Rollag i Numedal. Alle opptaka er henta frå NRK. Dei absolutt fleste er frå kappleikar på 60- og 70-talet, men nokre av opptaka med Sigurd er gjorde i studio.

Dei siste åra har Gunleik Bondal berre vore å sjå som publikumar eller dommar på kappleikar. Spelemannskarrieren hans fekk diverre ein brå slutt da han øydela ein finger på venstre hand i 1972. Difor er det ekstra gledeleg at opptak med honom nå har blitt tilgjengelege på CD. Slik får me som aldri fekk høve til å høyre honom, likevel oppleva Gunleik sitt elegante og gnistrande spel. Dette spelet har solid rot i Tuddal – med Kjetil, Einar og Olav Løndal som store og tydelege førebilete. Men ein anar også eit innslag av inspirasjon frå spelemenn i Tinn, til dømes i den utsøkte framføringa av springaren ”Bokkoen”, som er ein av denne meldaren sine absolutte favorittar på denne CD-en.

Sigurd Frogner er derimot framleis høgst oppegåande som spelemann, mellom anna som læremeister og eldsjel i folkemusikkmiljøet i Numedal. Men det er likevel ikkje ofte å høyre honom offentleg. Sigurd er ein framifrå og verdig arvtakar av spelet etter Steingrim Haukjem, og alle slåttane hans på denne produksjonen er i form etter Haukjem. Det er eit framoverretta og finslipa spel Sigurd presterer på desse opptaka, til dømes i springaren ”Tråen-mann”.

Båe spelemennene har det til felles at dei har hatt evna til å plukke opp variasjonsrikdomen til førebileta sine og gjengjeva dette på ein smakfull måte, utan at dei blei reine kopiar av nokon. Dei har begge veldig mykje med seg i slåttane, både når det gjeld boge- og fingerbruk. Slik er dei også gode førebilete for den oppveksande garde av spelemenn.

Eg likar ideen med å gje ut arkivopptak med nålevande spelemenn. For ein som ikkje kom til verda før på 80-talet, er det veldig interessant å få høve til å høyre slike spelemenn som desse i sin ungdoms glans. Samtidig framkallar denne CD-en truleg glade minne hjå gamle travarar og gjev dei høve til å gjenoppleva gode stunder.

Per Anders Buen Garnås



 


| Tips en venn | Skriv ut |