NMH_Logo_litNone

Noregs musikkhøgskule

Musikkhøgskulen gir musikkutdanning som utøvar, kirkemusikar, dirigent, komponist, musikkpedagog og musikkterapeut. Kandidatstudiet i utøving er retta mot utdanning av musikarar på høgt nivå, for både solistar og ensembler. Studiet skal gje høve til spesialisering innan ulike sjangre, som f.eks folkemusikk. www.nmh.no
OleBull-akademiet

Ole Bull-akademiet

I samarbeid med Griegakademiet driv OBA eit studium for folkemusikkutøvarar, og 2009 saman med Rff-sentret og NTNU eit bachelorstudium i tradisjonsdans. OBA arrangerer Osafestivalen kvar haust, og har eigen instrumentverkstad. OBA har ca 700 studentar årleg på vekeskurs i norsk folkemusikk og -dans. www.olebull.no
HiT

Høgskolen i Telemark / Raulandsakademiet

HiT sitt Institutt for folkekultur ligg i Rauland i Vinje kommune. Studentane får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive folkemusikkutøvarar. Instituttet har gode øvingslokale og eige lydstudio som studentane kan nytte til eigne produksjonar. Kvar februar arrangeres Rauland Internasjonale Vinterfestival. www.hit.no/folkekultur
NTNU-nynorsk_CMYK

Utøvarstudium i tradisjonsdans NTNU

Utøvarstudium i tradisjonsdans er treårig bachlerorstudium som skal utdanne tradisjonsdansarar på eit høgt kunstnarleg nivå som solistar eller i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar. Studiet er eit samarbeid mellom NTNU og RFF-sentret, og Ole Bull-akademiet. Besøk heimesidene her

norsk folkelig dans

Norsk folkelig dans

Norsk folkelig dans er et studieemne for deg som vil utvikle din egen dansestil og ditt dansende i forhold til tradisjon, stil, takt og rytme. Kurset vil lære deg mer om norsk folkelig dans og musikk, og vi vil fordype oss i deler av materialet. Studieemnet er eit samarbeid mellom NTNU, RFF-senteret og Noregs Ungdomslag (NU) www.norskfolkeligdans.no
Manger

Manger Folkehøgskule

Skulen gir undervisningstilbod innan folkemusikk og folkedans, og har mange kjende danseinstruktørar og musikarar innom i løpet av skuleåret. www.www.manger.fhs.no
vinstra vgs2

Landsline for folkemusikk

Vinstra vidaregåande skule

Vinstra vidaregåande skule er den einaste lina i Norge for musikk, dans, drama med fordjuping i folkemusikk. Spelar du eit folkemusikkinstrument eller syng har du her moglegheit for å fordjupe deg i folkemusikk. www.vinstra.vgs.no