Eller: Kven finansierer eigentleg kunsten og kulturlivet i Noreg?

Kulturdepartementet har nett lagt fram forslaget sitt til kulturbudsjett for 2017. Kvar gong det skjer, har Norsk Musikkråd (NMR) tradisjon for å invitere til «supperåd» i lokala sine i Schouskvartalet. Det gjorde dei igjen onsdag 12. oktober, og samla med det store delar av Kulturorganisasjons-Noreg til møte med Høgre-politikar Svein Harberg, leiar i Stortingets familie- og kulturkomité. Heile supperådet blei strøyma til Facebook, og kan sjåast på Facebook-sida til NMR.

Ei berebjelke i resonnementet til Harberg var omgrepet berekraftig kulturpolitikk, ein term som ser ut til å vere omtrent like gammal som berekraftig utvikling. Brundtland-kommisjonen lanserte det siste omgrepet i 1987, då med tydinga «en utvikling som imøtekommer behovene til dagens generasjon uten å redusere mulighetene for kommende generasjoner til å dekke sine behov».

Vil det seie at ein, ved å styrke kulturlivet i dag, står i fare for å overlate eit dårlegare kulturliv til framtidige generasjonar? Påstanden er mildt sagt problematisk, og Harberg og dei blå-blå meiner nok heller ikkje at det er slik. I alle tilfelle er det så uklart kva omgrepet berekraftig kulturpolitikk tyder, at det bør skrotast omgåande. Dessverre er dei blå-blå i godt selskap: Omgrepet står òg sentralt i Anne Enger-utvalet sin Kulturutgreiing 2014, der omgrepet ikkje er definert og tydinga tilsvarande uklar.

Skal ein leggje godviljen til, så ser berekrafta i blå-blå terminologi ut til å tyde noko som er meir spesifikt, men òg meir risikabelt å seie høgt: Kunst og kultur skal ikkje belaste skattebetalarane. Kultur som næring har vore den fremste kjepphesten for den blå-blå regjeringa, og det er ingen tvil om at det trengst ei større kulturnæring i Noreg. Det er heilt i tråd med tilrådingane i den nemnde Kulturutgreiinga, som blei tinga av den raud-grøne regjeringa i 2011. Dei blå-blå og Kulturutgreiinga er òg samde om at kulturen treng meir sponsing og private støttemidlar.

«Et kulturbudsjett for aktivitet og omstilling», skriv Kulturdepartementet i høve framlegget til budsjettet sitt for 2017. (Skjermbilete frå regjeringen.no)

Meiningar om Kulturdepartementets framlegg til kulturbudsjett 2017

Kulturdepartementet: 70 millioner til kulturell og kreativ næring

Regjeringen ønsker å legge til rette for vekst og utvikling i kultursektoren og vil styrke kunstneres muligheter for økte egeninntekter. 

FolkOrg: Økt satsing på kulturnæring, samtidig kuttes Utenriksdepartementets kulturmidler

Statsbudsjettet 2017 er et budsjett uten de store endringene for musikklivet, sett bort fra en positiv satsing på kulturnæring.

Noregs Ungdomslag: Kultur, frivilligheit og statsbudsjett

Det kan sjå ut som budsjettet bygg på ein idé om eit todelt kulturliv: ein del som produserer, sel og skal tene pengar på kultur, og ein del som er publikum og konsumentar som kjøper kultur.

Kulturrådet: Satsing på kreativ næring, samtidig ingen økning i fondsmidler

Kulturrådets fagadministrasjon er bedt om å gjennomføre en omstilling for å etablere et nytt kontor utenfor Oslo kalt Kreativt Norge.

Norsk Jazzforum: – Satsing på næringsutvikling, ingen økning til Norsk kulturfond og kutt i UDs kulturmidler

–Alt i alt et lite oppløftende kulturbudsjett.

Norske Konsertarrangører: Statsbudsjettet sett med arrangørenes øyne

Flere av opptrappingene i kulturbudsjettet er positive for norske konsertarrangører, men en desentralisering av Kulturrådet vil være svært svekkende.

Frivillighet Norge: Manglende frivillighetssatsning

– Vi er skuffet over at [regjeringen] ikke brukte anledningen til å bli husket for å ha gjort en forskjell for frivilligheten. Vi setter nå vår lit til partigruppene på Stortinget.

Av uklare årsaker synest både dei blå-blå og opposisjonen å sjå seg tent med å framstille norsk kulturpolitikk anno 2016 som nærast eit arbeidarpartiprodukt. Men som Hans Fredrik Dahl og Tore Helseth syner i si bok To knurrende løver: Kulturpolitikkens historie 1814–2014, er norsk kulturpolitikk eit tverrpolitisk prosjekt – eit lappeteppe av ulike ideologiar, idear, magekjensler og strøtankar. Motkulturrørsla skulle utdanne bonden. Arbeidarrørsla skulle utdanne arbeidaren. Borgarskapen, og etter kvart skuleverket og alle andre òg, skulle gjere borgarskapskulturen til heile folket sin. Og så har kunstnarane sjølve tidvis sleppt til med tanken om at kunsten har ein eigenverdi. Alle har dei fått sitt.

Pengane frå kulturbudsjettet og andre pengesekkforvaltarar vil alltid berre utgjere lommerusk av det kulturen kostar – og gir.

Ein stor del av dei som var til stades på NMRs supperåd, representerer organisasjonar som heilt eller delvis arbeider med det frivillige kulturlivet. Mange av desse har gått saman i Kulturalliansen, ei samanslutning for all slags frivilligheit i kulturen. Dei fekk ingen pengar på 2017-budsjettet, noko Svein Harberg føreslo kunne ha å gjere med at organisasjonen er så fersk. Det kan det godt vere noko i, då Kulturalliansen først blei formelt skipa 5. september i år. I alle tilfelle kan han bli ein viktig premissleverandør for kulturfeltet i Noreg. Og det frivillige feltet må ikkje kjempe berre om budsjettpengar – det har ein minst like stor jobb å gjere med å bli kulturpolitisk synleg.

Det frivillige kulturlivet, med sine kor, korps, dansegrupper, spelemannslag og mange andre, er ein grunnmur ikkje berre i kulturlivet, men i samfunnet. Og Kulturutgreiinga konkluderte med at frivilligheita er blant dei store taparane i kulturpolitikken. Men det er nytt at det frivillige kulturlivet i det heile er organisert, og mykje kan skje i åra som kjem. Først i 2008 kom Frivilligheitsregisteret – startskotet for å formalisere det frivillige feltet som ein eigen samfunnssektor. I 2010 kom momskompensasjonsordninga, som mange lokallag i FolkOrg nyt godt av i dag. Og i år fekk vi altså Kulturalliansen, ei samanslutning som skal kjempe frivilligsaka i eit stadig meir profesjonalisert kulturliv.

Det frivillige feltet tapar på ein kulturpolitikk som berre har auge for dei profesjonelle. Svein Harberg blir nok ein gong eksempelet, men tankegangen er høgst tverrpolitisk og del av etablert kulturpolitikk: I NMRs supperåd sa Harberg at 1) det er eit viktig hovudprinsipp at folk skal betale for kultur slik dei betaler for dongeribukser; og 2) kurvfletting for vaksne kvinnfolk kan dei – kvinnfolka, måtte han ha meint, betale for sjølve.

Til det første, så er ingen kulturaktivitet produksjon slik dongeribukseproduksjon er det, anten ein snakkar om Kygo-konsertar eller kurvfletting. Gleda over aktiviteten finst både hos publikum og utøvar – det er difor det i det heile finst ein frivillig kultursektor, og lågtlønte-til-ulønte kulturarbeidarar i tusental. Og vaksne kvinnfolk betaler faktisk ikkje alltid for eiga kurvfletting: Aktiviteten fell inn under vaksenopplæringsmidlar og dermed Kunnskapsdepartementets budsjett. Men forvirringa viser berre kor naudsynt det er at det frivillige kulturlivet organiserer seg: Dei har fleire frontar å kjempe på.

Så til spørsmålet: Kven finansierer eigentleg kunsten og kulturlivet i Noreg?

Det er logisk at kulturpolitikken er dominert av behova og stemmene til dei som lever av kunsten og kulturverksemda si. Samstundes veit alle kunstnarar med nokre år på baken at darwinismen i verdsøkonomien er ein søndagsskule samanlikna med darwinismen i kunsten. Berre ein brøkdel av dei som ønskjer det, kan ha den kunstnariske verksemda si som livsgrunnlag. Difor lever svært mange kunstnarar godt med å ha ein stor del av inntekta si frå anna og meir stabilt innbringande arbeid. Frå hobbykurvflettaren til ein heiltids handverkskunstnar er det ein glidande overgang – og heile kulturlivet er bygd på ein grunnmur av arbeid som gir lite eller ingen pengar, men som gir innhald til liva til dei som arbeider med kultur.

Difor er det ikkje riktig at det er det offentlege som finansierer kunsten i Noreg, eller at ei dreiing frå mindre kulturråds- til fleire sponsormillionar kan gjere noko vesentleg med økonomien i kulturlivet. I stor grad finansierer kulturarbeidarar verksemda si sjølve. Pengane frå kulturbudsjettet, Kulturrådet, små og store stiftingar, sponsorar og andre gåvmilde pengesekkforvaltarar vil alltid berre utgjere lommerusk av det kulturen kostar – og gir.

Høgres Svein Harberg argumenterte for at meir profesjonalisering og kulturnæring skal komme grastota til gode, fordi «toppane stimulerer breidda». Det er sjølvsagt riktig, men det meste av kulturpolitikken er allereie forankra i toppane. Det er mellom anna difor vi treng Kulturalliansen, og andre som ser kulturen som noko anna enn ein sektor i arbeidslivet. Det er naudsynt ikkje berre for dei frivillige sjølve, men òg for resten av Kultur-Noreg.

Og så er det viktig å hugse på at mykje viktig kulturpolitikk blir til utanfor Kulturdepartementet – til dømes i utdanningssektoren, og i spørsmål om normalarbeidstid og frilansarar sine vilkår. Der er dei politiske skilnadene gjerne òg vesentleg større enn i kulturpolitikken.

Audun Stokke Hole er redaktør for Folkemusikk, eit redaksjonelt uavhengig tidsskrift utgitt av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.