Det kom folk frå Hardanger og Telemark, Oppdal og Stryn, og lokalt var pågangen så stor at minnekonserten etter Knut Kjøk (1948–2016) måtte kringkastast direkte på moderne vis. Kulturstugu i Utgard i Lom kokte over av varme og vellyd laurdag kveld.

Det kom som eit sjokk på heile Folkemusikk-Norge da storspelmannen Knut Kjøk brått gjekk bort 15. august 2016, berre 68 år gammal, og tomrommet etter ein så ruvande folkemusikkambassadør vart stort.

Ljosluggen frå Garmo markerte seg frå ung alder som eit midtpunkt og som ein av dei fremste utøvarane på vanleg fele. Frå 1975 til 1990 vann han A-klassa for vanleg fele på Landskappleiken fem gonger. Kjøk var i front da Gudbrandsdalens folkemusikkrørsle mønstra på opninga av Lillehammer-OL i 1994. I Lom spelmannslag var han aktiv i bortimot eit halvt hundreår, og musikalsk leiar i 11 år. Han var òg med i Gudbrandsdølenes spelmannslag i Oslo i seks–sju år, og da han gjekk bort var han leiar av Vågå strykeorkester. Attåt dreiv han opplæring i kulturskulane i Sel og Vågå og av nye spelemenn i heile dalen. Han var på mange representasjonsoppgåver utanlands og hadde statleg studie- og reisestipend i fire år.

Storfelt seksbindsverk

Størst inntrykk i seinare tid gjorde det storfelte arbeidet med seksbindsverket Slåtte og leikje som kom ut i 2012. Med nedteikning av 1700 slåttar frå Gudbrandsdalen og med historisk tilfang om spelemenn og «leikje», var det visstnok det største einskilde noteverket om folkemusikk som er utgjeve her til lands. 

Landets første professor i folkemusikk, Sven Nyhus, sette ord på dette da han vart utfordra av programleiar Ola Grøsland.

– Det som forundrar meg, ja det er ei gåte: Eg visste at Kjøk heldt på med eit bokverk, men da eg fekk sjå det ferdige resultatet, vart eg meir enn forbausa. Han var nærast autodidakt, hadde lært seg noter og moderne transkripsjon på eiga hand, og skreve ned så mykje som 1700 slåttar. Eg kan ikkje skjønne kven som kan ha overgått han i innsamling og nedteikning. Det vekte kolossal beundring hos meg. Heldigvis fekk eg takka han for det før han gjekk bort, sa han.

Nyhus fyller 86 den 21. mai, er «still going strong» og kvitterte med «Når Lornsgamla tralla i Storbrekkingens jordferd» frå 1829. Det var likaste polsen Kjøk visste, sa Nyhus, og tok «Pols etter Nille Henningsgård» som ekstranummer. 

Kjøk tok også fatt ei vidareføring av ei bok med ord og uttrykk frå Garmo som faren Erling hadde sett i gang. Boka på 450 sider er nå i ferd med å bli fullført av fleire av syskena til Knut. Ein CD frå Ta:lik med 24 opptak vart lagt ut for sal i pausen på minnekonserten, og fekk fort bein å gå på.

På rekke og rad

På rekke og rad kom dei på scenen, solistar, grupper og lag og tidlegare elevar for å gje til kjenne det dei hadde lært og spelt i lag med Kjøk. Først videoglimt frå landskappleikane på Røros i 1970 og Bø i 1988, bak lerretet stod vertslaget klart og opna minnekonserten med «Vetlguten dansar», ein halling Kjøk komponerte til sonen Erling. Så kom døtrene Hanne og Synne og syster Jarnfrid frampå med vokale innslag.

– Laget betydde mykje for Knut gjennom alle år. Godt å sjå at salen er full. Dykk er heldige som får oppleva så mange utuhenta («utvalde» på dialekt) spelmenn og slåttar, sa Jarnfrid og takka varmt for tilstellinga. 

– Det er ei stor ære å få spela her i dag, sa Knut Hamre. Hardingfelevirtuosen frå Garmo spelte springaren «Sørfjorden» i form etter Halldor Meland.

– Mektig imponert

– Knut var inspirator og slåttekjelde. Det er særleg éin ting eg har lært av Knut: Han fann lynnet i leiken, og er kjent for eit suggererande spel. Brutalt ærleg, men med glimt i auga, sa Aslak Brimi og spelte sin eigenkomponerte springleik tileigna Kjøk med nettopp dette namnet, «Glimt i auga». Så fekk han følgje av nåtidas to andre fremste spelmenn i lomsbygda. Trioen Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim spelte springleiken «Nordavind» så taket mest lyfta seg i Utgard!

– Kvalitet som overgår det meste, og er ein storspelmann som Knut verdig, sa ordførar Bjarne Eiolf Holø da han takka spel- og dansarlaget for minnekonserten på vegner av kommunen.

Det kom helsingar heilt frå Sveits, frå Monica Chappuis (85). I 1994 vart ho så begeistra for gruppa Stormti, der Kjøk var med og tolka Dølevisene til Edvard Storm, at ho støtta ei ny plateutgjeving og bidrog til at Kjøk fekk fullført den store slåttesamlinga si. To av dei andre i Stormti, Reidar Svare og Dag Gården, framførte ein låt frå kvar av dei to utgjevingane. 

Da Vågå strykeorkester spelte «Valbjørsvisa» («Jeg lagde meg så silde») nynna folk i salen med. Heilt til slutt kom alle som ein på podiet og spelte i samla flokk «Reinlender etter Johan Partapuoli» i form etter Knut Kjøk.

23. juni ville han ha fylt 70 år.