VEDTEKTER FOR FOLKORG – ORGANISASJON FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

Vedteke på årsmøtet 30.april-1.mai 2011
§ 1 Stifting
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans er ein landsomfattande livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon med ope medlemskap.

§ 2 Føremål
FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet.

§ 3 Medlemskap
Grunnlaget i organisasjonen er medlemmer i lokale lag, faglag, og gruppa av yrkesutøvarar. Lokale lag er geografisk knytte til eit område. Faglag og gruppa for yrkesutøvarar har aktivitet på tvers av geografiske område.

Alle medlemmer i lokale lag og faglag som er tilslutta organisasjonen, er medlemmer i organisasjonen. Faglag kan ha personlege medlemmer som ikkje er medlemmer av FolkOrg, men dei får ikkje rekne utsendingar til årsmøtet for fleire enn dei som er medlemmer. Faglag kan også ha institusjonar som medlemmer, og slike faglag har eit fast tal på utsendingar til årsmøtet.

Alle lag som arbeider i samsvar med føremålsparagrafen, kan takast opp som medlemmer i organisasjonen.

Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans.
Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, kan melde seg direkte inn i organisasjonen.

Styret kan stryke medlemmer som arbeider mot føremålet eller på annan måte skader organisasjonen. Styrevedtak om dette kan ankast inn for årsmøtet.

§ 4 Områdelag
Lokale lag kan samarbeide distriktsvis gjennom områdelag.

§ 5 Årsmøte
Årsmøtet er høgste organ i organisasjonen og skal haldast kvart år innan utgangen av april månad.

Styret fastset tid og stad for årsmøtet og informerer medlemmene om dette seinast seks månader før årsmøtet finn stad. Innkalling og sakspapir skal sendast ut minst tre veker før årsmøtet. Medlemmer eller lag som har saker dei vil ha fremja på årsmøtet, må sende desse til styret innan 15.januar.

§6 Utsendingar til årsmøtet
Stemmerett på årsmøtet har:
A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for meldingsåret innan 31. desember etter følgjande skala:
a. Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending
b. Lag med 30–99 medlemmer: 2 utsendingar
c. Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar
d. Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar
e. Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar
f. Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar
B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer
C) Ein utsending frå kvart områdelag
D) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på årsmøtet

Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.

Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på årsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til årsmøtet.

§7 Tilsynsnemd
Årsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på 3 personar som har som hovudoppgåve å sjå til at arbeidet i styret er i samsvar med dei vedtektene som ei kvar tid gjeld. Tilsynsnemnda skal rapportere avvik til styret undervegs i perioden, og til årsmøtet.


§ 8 Saker på årsmøtet
Årsmøtet handsamar:
• årsmelding
• rekneskap
• prinsipprogram
• arbeidsprogram
• fastsetjing av medlemspengar
• budsjett
• oppnemning av revisor
• innkomne saker
• val av tillitsfolk

Rekneskapen følgjer kalenderåret.


§9 Val av tillitsfolk
Årsmøtet vel eit styre på sju personar:
• ein styreleiar for eitt år
• to nestleiarar for to år slik at det kvart år er ein nestleiar på val
• fire styremedlemmer for to år slik at det kvart år er to styremedlemmer på val

Årsmøtet vel også:
• tre varamedlemmer til styret for eitt år
• 3 medlemmer til fagutval for yrkesutøvarar, ein leiar og to medlemmer. Desse skal veljast for 2 år, men slik at ikkje alle tre er på val samstundes
• ei valnemnd på tre medlemmer for tre år, slik at det kvart år kjem ein ny medlem inn i valnemnda
Årsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på tre medlemmer for tre år, slik at det kvart år kjem ein ny medlem inn i tilsynsnemnda.
Når årsmøtet vel tillitsfolk, skal det velje eit mest mogleg representativt utval av medlemsmassen.

To av styremedlemmene skal tilhøyre gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal vera leiar eller nestleiar.


§10 Omframt årsmøte
Omframt årsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt, eller når minst ein tredel av medlemslaga krev det. Omframt årsmøte kan kallast inn med minst ein månads varsel, og berre saker som er sette opp i innkallinga, kan behandlast. Elles gjeld dei same reglane som for vanleg årsmøte.


§11 Om styret
Styreleiaren teiknar organisasjonen.

Styret kan delegere prokura.

Styreleiaren og dei to nestleiarane utgjer eit arbeidsutval. Styret vedtek instruks for arbeidsutvalet.

Styret er vedtaksført dersom minst fire medlemmer eller varamedlemmer er til stades.

Det skal førast referat frå styremøta.
Styret eller den dei delegerer fullmakta til, kan ta opp lån påvegne av organisasjonen.
Dei tilsette har rett til å ha ein representant, i tillegg til dagleg leiar, med talerett til stades i styremøte.


§12 Styret sine oppgåver
Styret skal
• drive laget i samsvar med vedtekter, føremål og årsmøtevedtak
• førebu saker til årsmøtet
• godkjenne medlemskap og vedtekter for lokallag, faglag og områdelag
• tilsetje dagleg leiar og utarbeide instruks for stillinga.
• tilsetje det administrative personalet som organisasjonen til kvar tid har økonomi til og behov for.
• I alle saker som ifølgje vedtektene ikkje er lagde til årsmøtet, kan styret ta endelege avgjersler.


§13 Dagleg leiar
Dagleg leiar er sekretær for styret og arbeidsutvalet og førebur sakene saman med styreleiaren.


§ 14 Heidersmedlemskap
Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle arrangement som FolkOrg skipar til.


§ 15Vedtektsendringar
Årsmøtet kan, med tilslutning frå minst 2/3 av utsendingane med stemmerett, endre vedtektene. Årsmøtet kan berre handsame endringar i paragrafar som er varsla gjennom sakspapira til årsmøtet.


§16 Oppløysing
Det ordinære årsmøtet kan, med tilslutning frå minst 2/3 av utsendingane med stemmerett, vedta at organisasjonen skal oppløysast.

Ved oppløysing fremjar styret forslag overfor årsmøtet om korleis ein kan bruke organisasjonsmidlane i samsvar med føremålet.

(1) | Tips en venn | Skriv ut |