Hjem > FolkOrg > Siste nytt > Artikkel

LANDSKAPPLEIKEN

Velkomen til Voss!

Foto | LK2010

Foto | LK2010

I morgon brakar det laus med årets Landskappleik. Voss Spelemannslag er snart i mål med førebuingane, og ynskjer alle velkomen til Voss!
Article image
Dansegolvet i Idrettshallen er snart på plass. Foto | LK2010

Hovudarena for tevlingane vert Voss idrettshall, Vossasalen (Park Hotell Vossevangen), og Nain. Kappleiksteltet vert plassert berre nokre få steg unna desse arenaane. Kappleikskontor og ymse andre aktivitetar vert lagt til Ungdomsskulen.

Alt ligg til rette for ein kompakt kappleik, sentralt mellom eit livleg og innhaldsrikt bygdesentrum på eine sida og naturvakre Prestegardslandet og Vangsvatnet på andre.

Article image
Kappleiksteltet på veg opp. Foto | LK2010

Helsing frå leiaren

Voss Spelemannslag ynskjer deltakarar og publikum velkomne til Landskappleiken 2010. Det er alt 10 år sida sist me møttest til landskappleik her i bygda. Heile laget, halve bygda og litt til har no vore i arbeid siste året, for å førebu dette stemnet. Det er godt at dugnadsanda framleis lever, både i bygda vår og i nabobygdene. Men kvardagslivet må fortsetja, ved sidan av førebuinga til storstemne. Øvingane i laget, og opplæringa i spel og kveding for born og unge har gått som før. Ungdomane strøymer til som aldri før, og ein gong for månaden har me fellesøving i Osasalen. Utøvarar i alle aldrar har då konsert for kvarandre, me dansar saman og alle vert trakterte med litt enkel servering. No er du her, og me vonar at du får fine dagar på Voss. Me har i alle høve gledd oss lenge til dette!. Ha ein triveleg kappleik.

Velkomen til Voss!

Beste helsing Frode Borge, leiar i Voss Spelemannslag


 


| Tips en venn | Skriv ut |