Med over 200 deltakarar på Fylkeskappleik/DM i Jostedal, og heile 8 topplasseringar frå Jostedal spel- og dansarlag, er laget godt nøgd med arrangementet i mars.

Det var eit nøgd arrangørlag som møttest ein søndag ettermiddag for å summere opp kappleiken.

– Dette gjekk jo kjempebra, strålar kappleiksleiar Oddbjørg Ese. Ho og resten av tevlingsnemnda stod i spissen for Fylkeskappleiken 2015 som gjekk av stabelen 20.–22.mars i Jostedal. Det vart tevla i spel, vokal og dans, i både runddans- og bygdedans-klasser, frå yngste deltakar på Smørbukkappleiken til dei eldste i D-klassen.

Vandrepremiar og smørbukkar

Dei med høgst poengsum i dans, spel og vokal får i eit ”napp” i vandrepremiane i dei ulike klassene. Etter tre napp får dei vandrepremien til odel og eige, noko fire deltakarar fekk i år. Oddbjørg Ese og Johannes Kjos stakk av med vandrepremiane i dans, i spel var det Dagfrid Vallestad og i vokal vann Kari Malmanger.

Under Smørbukkappleiken var det om lag 35 deltakarar som song, spelte og dansa. Alle utmerka seg med si framføring og juryen hadde ikkje noko enkelt val med å velje ut «årets smørbukk». Den heldige vinnaren var toradarspelemannen Rasmus Tennø Loe frå Jostedal.

– Juryen vil gjerne trekke fram den flotte bassinga i spelet til Rasmus. Dette er ingen enkel sak, men Rasmus gjorde det med glans, fortel juryleiar Ingrid Stuhaug. Ho legg til at juryen vart imponert over dei fine introduseringane til deltakarane under årets kappleik.

Tormod Øvrebø og Anne Lovise Drevdal vann runddanskonkurransen under Fylkeskappleiken.

Gamlebanken ladar opp med gull

Gamlebanken Spelemannslag gjorde det sterkt i lagspelklassene og kom heilt til topps i både spel runddans og bygdedans, med Indre Sunnfjord Spelemannslag hakk i hæl.

– Vi hadde god driv i slåttane, seier musikalsk leiar i Gamlebanken, Synnøve S. Bjørset.

– Det er stor stas å gjere reint bord på heimebane, og særleg når vi stiller med så stort lag, smiler ho.

Ho fortel at dette er starten på ei lengre opplading til sommaren, med tevling både på Landskappleik og Landsfestival.

– Og så må vi ikkje gløyme oppladinga til Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Gaupne sommaren 2016, der både Gamlebanken Spelemannslag og Jostedal spel- og dansarlag står som arrangørar.

Gitaristen til Gamlebanken, Jøran Vallestad, fekk også ein eigen «komp-honnør-pris» for eminent gitarspel.

Gamlebanken Spelemannslag vann lagspelklassene i både runddans og bygdedans, med Indre Sunnfjord Spelemannslag hakk i hæl i begge klassene.
Rasmus Tennø Loe blei "årets smørbukk" under Smørbukkappleiken i Jostedal. Juryen blei særleg imponert av bassinga hans.