-
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Tina Kjerland er ny prosjektleiar
tirsdag 7.02 - 11:04 -
Einar Olav og Gjermund Larsen på Riksscenen
tirsdag 7.02 - 14:06 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43 -
Frikar satsar både i Valdres og Hallingdal
mandag 6.02 - 10:41
Vetrhus, Åshild
Vetrhus har fireårig musikkpedagogisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole og grunnfag i musikk frå NTNU. Vetrhus er frilans musikar, komponist og pedagog og underviser som timelærar i instrumentaldidaktikk ved Norges Musikkhøgskole. I 2009 skriv ho saman med gruppa Tindra tingingsverket ”Den kvite hjorten” til Førde internasjonale folkemusikkfestival. Vetrhus er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken. Ho er med i Tindra (2000), Salikatt (2006) og samarbeider med kvedaren Solbjørg Tveiten og organisten Sigbjørn Apeland om prosjektet Hjem jeg lenges – gravferdsalmar i vår tid. Saman med Tindra har ho eit prosjekt saman med den georgiske songaren, pianisten og komponisten Russudan Meipariani. Frå 2006 til 2009 var Åshild Vetrhus styreleiar i Norsk folkemusikk- og danselag (NFD) og førte organisasjonen inn i ein samanslutning med Landslaget for Spelemenn til den nye Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg, der ho er nestleiar.
Diskografi
2009 Den kvite hjorten - Tindra (ta:lik)
2008 Bergteken - div. artistar (Folkemusikkarkivet for Rogaland)
2007 Ein heilt gul måne – div. artistar (SueTunes Records)
2006 Lukkeleg vaking - Tindra (ta:lik)
2006 Gjenklang – div. artistar (Grappa)
2006 Juledrøm, med Majorstuen (MFC) - (produsent)
2005 Tvilevise – med Gry Oftedal (Mutant)
Prisar
2006 Nominert til Spellemannspris for Lukkeleg vaking
2005 Finalist med Tindra i INTRO-folk
2004 Kulturstipend frå Suldal kommune
Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling







