-
Søkjer arrangørar til Landskappleiken og Landsfestivalen
tirsdag 22.05 - 13:30 -
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Kåring av det beste gamaldansorkesteret på Vestlandet
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32
FRIST 8. JULI
Viktig - søk om momskompensasjon!
Om momkompensasjon for frivillige organisasjonar
Regjeringa ønskjer å trappe opp støtta til frivillig sektor. Som ledd i dette arbeidet vart det i 2010 vedteke ei ny rammestyrt ordning for meirverdikompensasjon til frivillige organisasjonar. Ordninga erstattar tidligare ordning med kompensasjon for tenestemoms. Ramma for 2010 var på 396 millionar. Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, med avgrensingar etter § 5 i ”Forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner”.
Søknadsåret 2011
I 2011 er ramma på 603 millionar kroner. Det er rekneskapsåret 2010 som er grunnlaget for søknaden. Organisasjonar som har avvikande rekneskapsår nyttar siste godkjende rekneskap. Dersom ramma ikkje er stor nok til å gje full kompensasjon, vert det gjort ei avkorting av søknadsbeløpet. Avkortning vil vere lik for alle søkjarar.
For område- og lokallag i FolkOrg
Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. Vi nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet, og i botnen av denne artikkelen finn du søknadsskjema for momskompensasjon. Du søker på ordninga ved å sende inn skjemaet. Du vil få kvittering på e-post etter at skjemaet er sendt inn.
Unntak for krav til registrering for regionale og lokale ledd i Frivillighetsregisteret vert ført vidare i 2011. Det betyr at alle regionale og lokale ledd kan vere del av sentralleddet sin søknad i 2011 uavhengig av registrering i Frivillighetsregisteret. Vær merksam på at alle ledd må være ei sjølvstendig juridisk eining, jf. forskriften § 3.
Dersom laget har driftskostnadar på 5 millionar eller meir, eller er aksjeselskap, må dei levere revisorrapport til sentralleddet, altså FolkOrg. Revisorrapport skal utarbeidast av registrert eller statsautorisert revisor. Rapporten skal utarbeidast med bakgrunn i avtalte kontrollhandlingar som vert publisert på nettstaden www.lottstift.no under vedlegg til søknad.
Før du sender søknad:
Finn fram rekneskap og ha klart følgjande informasjon:
- Totale driftskostnader.
(Driftskostnader frå revidert rekneskap, finanskostnader skal ikkje vere med.) - Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje tenestebaserte delen av organisasjonen.
- Kostnadsførte ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eiendom.
- Avskrivingar på aktiverte kostnader på bygg, anlegg og anna fast eigedom.
- Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg og anna fast eigedom for utleige til eksterne.
- Driftskostnader knytt til ev mva-pliktig del av verksemda.
NB: Utfyllande informasjon om momskompensasjonsordninga finn du her. Forskrifta med paragrafar finn du her
SØKNADSFRIST: 8.juli 2011
Spørsmål?
Har du spørsmål om ordninga og søknaden, ta kontakt!
Linda Dyrnes (dagleg leiar)
linda@folkemusikk.no
telefon 22 00 56 94
mobil 481 04 075











