Noregs nasjonalskald Henrik Wergeland fekk aldri glede av langeleiken han tinga frå ein instrumentmakar i Valdres. No vender instrumentet tilbake til Valdres og ein langeleikspelande museumssjef.

Direktør Ole Aastad Bråten ved Valdres Folkemuseum og forskningsbibliotekar Anne Jorunn Kydland ved Nasjonalbiblioteket med Henrik Wergelands langeleik.

Nasjonalbiblioteket (NB) har donert Henrik Wergelands langeleik til Valdres Folkemuseum. NB har ein del musikkinstrument og andre gjenstandar i si samling, som dei fekk då dei overtok Norsk musikksamling etter Ole Mørk Sandvik, men har ikkje kapasitet til å ta vare på denne typen gjenstandar.

Langeleiken blei laga av instrumentmakar Christoffer Hansen Jucham i Sør-Aurdal på bestilling frå Wergeland, men hadde ikkje nådd fram til Kristiania før Wergeland døydde i juli 1845. På museet i Fagernes vil han få ein heidersplass i museet si store samling av langeleikar, fortel direktør ved Valdres Folkemuseum Ole Aastad Bråten i ei pressemelding.

– Valdresmusea er takksame for gåva frå NB, og ynskjer å skipe til ein konsert- og foredragskveld om Wergeland og folkemusikken på Valdres Folkemuseum i haust, røper Aastad Bråten.