Det er ikkje ofte det kjem ut solo hardingfeleplater der alle slåttene er nyskrivne. Men så er det heller ikkje ein kven som helst som sleppte plate på Sølvsuper søndag 26. januar. Per Anders Buen Garnås har skrive eit utal slåttar gjennom sitt unge, men lange spelemannsliv. Dei han er nøgd med, har han no samla på plata «Greinir».

– Gratulerer med platesleppet, Per Anders! Du har jobba med denne plata ei stund no?

– Ja, slåttane er skrivne over ein periode på omlag tjue år. Eg har tenkt på å gi ut ei plate med eigne slåttar ei god stund, og våren 2013 kontakta eg Ta:lik, som gjerne ville gi henne ut. I november 2013 blei plata spelt inn, med Anders Røine bak spakane, og masterteipen hadde eg klar tidleg i 2014.

– Så stod coveret att. Eg ønskte ikkje at plata skulle ha eit konvensjonelt cover med portrettbilete på framsida. Så kom eg i tankar om at Morten Slettemeås, ein gammal venn frå Bø, kanskje kunne bidra med noko. Han kjende seg igjen i tankegangen bak plata – nytt arbeid innanfor tradisjonelle rammer – og måla elleve bilete. Designeren Inger Staff-Poulsen likte dei alle svært godt, og ho enda opp med å bruke åtte av dei. Det var takk vere måleria til Morten at Inger i det heile takka ja til å designe omslaget.

– Du fortel at dei fleste slåttane kjem «dettande ned i hovudet på deg»?

– Eg trur at dette er ganske vanleg for folk som skapar noko. Når eg set meg ned for å skrive musikk, er det for å gjere ferdig noko eg alt har jobba med i hovudet.

– Det funkar altså ikkje like bra å setje seg ned for å komponere?

– Nei, og eg vil ikkje kalle meg ein komponist. Dei få gongane eg jobbar slik, er det om nokon tingar ein slått som må leverast raskt. Eg blir aldri heilt nøgd med dei slåttane. Heldigvis får eg som oftast god nok tid på slike ordrar til at eg kan vente på inspirasjonen.

– Dei slåttane som har kome med på Greinir, er meir eller mindre dei eg har blitt ordentlig nøgd med. Slåttane må ha noko eige og særmerkt ved seg – viss det kjennest som ein slått berre går opp i mengda av andre slåttar, utan å stikke seg ut, gidd eg ikkje ta vare på han.

Foto: Henrik Kamphus
CD-en og omslaget til Greinir inneheld åtte måleri av Morten Slettemeås. Det var takk vere desse måleria at designer Inger Staff-Poulsen sa ja til å gjere designjobben.

– Inngår musikken din i ein Telemarks-tradisjon?

I Telemark finst det mange ulike tradisjonar. Men eg er nok meir oppteken av individuelle spelemenn. For eit trent øyre er det ikkje vanskeleg å kjenne igjen til dømes ein Myllargut-slått eller ein Gibø-slått. Det er enkeltpersonar som utviklar slåttespelet, og spelemenn har alltid reist for å finne inspirasjon. På 1700-talet drog telemarkingar til Valdres og Hallingdal og lét seg inspirere, og fleire av slåttane mine er òg direkte inspirerte av spelet der. Det viktige er å finne sin eigen signatur, slik Morten snakkar om når det gjeld måleri – noko personleg gjenkjenneleg, uavhengig av kor ein kjem frå.

– Alle slåttane på Greinir er eigenskrivne. Er det for få som skriv eigne slåttar i dag?

– Eg trur ikkje det er reint få som gjer det. Men eg kjem no frå ein bakgrunn der det har vore forventa at ein skriv eigne slåttar. Då eg var fjorten, gjekk eg i lære hos Eivind Mo. Han fortalde meg kor viktig det var å skrive eige materiale – det var nok eit spark i baken.

– Men det blir jo skrive masse ny musikk på hardingfele, og ikkje berre tradisjonelt slåttespel! Folkemusikken er ei naturleg uttrykksform for mange. Det kan verke som at mange utanfor miljøet ikkje er medvite om at det finst slik nyskaping i folkemusikken. Det er ikkje av politiske årsaker ein tar vare på tradisjonen, men fordi han gir ein noko musikalsk!

– På kappleikar er det vel sjeldan spelemenn speler eigenskrivne slåttar?

– Ja, i alle fall i hardingfeletevlingar er det slik nett no. På flatfele er det vanlegare. Eg hugsar det var ein periode på 1980-talet då hardingfelespelemenn ofte spelte eige materiale. Slikt går vel i periodar.

Tre stolte opphavsmenn syner fram det ferske produktet sitt. F.v. Niels J. Røine frå Ta:lik, målar Morten Slettemeås og spelemann Per Anders Buen Garnås. (Foto: Henrik Kamphus)

– Har du noko ønskje om å leve av musikken på heiltid?

– Nei, musikken er ei fin avveksling i livet mitt no. Eg jobbar 60 prosent med å teikne hus og hytter, og har fleksibel arbeidstid. Det er veldig fint slik. Eg prøvde meg som fulltidsmusikar for nokre år sidan, og da sakna eg å ha musikken som hobby. Mange sa til meg kor heldig dei syntest eg var «som kunne leve av hobbyen min». Men er du musikar på heiltid, så er det ein jobb – og då går òg mykje av tida bort til anna enn musikken. Eg trivst veldig godt slik eg har det no.

– Kjem det slåttar til deg medan du sit og teiknar?

– Nei. Då er eg ein annan stad mentalt. Slåttar kjem helst når eg flytter meg fysisk eller mentalt frå ein plass til ein annan, om ein kan seie det slik. Men eg tenkjer på musikk heile tida – eg har alltid tenkt meir på musikk enn eg har spelt sjølv. Eg har aldri vore ein slik som speler mange timar kvar dag.

– Fleire av slåttane dine er konkret inspirerte av stader eller personar. Er dei forsøk på å skilde desse personane eller stadene?

– Eg trur ikkje det – det er vanskeleg å setje fingeren på slikt. Dei slåttane som personar har gitt inspirasjon til, prøver i alle fall ikkje å skildre desse personane. I alle tilfelle kan ein slått tyde ulike ting frå person til person. Alle som har hørt plata før ho blei gitt ut, har hatt ulike favorittspor. Dei er alle folk som er på bølgjelengde med meg musikalsk, med dei same musikalske førebileta og referansane, og likevel er det ulike slåttar som treffer dei. Slikt er veldig artig å sjå.

– Eg greier ikkje ha noko objektivt syn på mine eigne slåttar, har ikkje peiling på kva som er bra eller dårleg i dei. Det gjer det òg skummelt å gi dei ut. Men det er jo heller ikkje nokon vits i å lage musikk om ingen høyrer han!

Per Anders Buen Garnås si plate Greinir blei sleppt på Sølvsuper på Kulturhuset i Oslo søndag 25. januar. Ho er gitt ut på plateselskapet Ta:lik.