Arsen Petrosyan turnerer verda rundt med det armenske blåseinstrumentet duduk, ein tradisjon som står på Unesco-lista over immateriell kulturarv. Folkemusikken i heimlandet har fått eit lite oppsving dei siste åra, fortel han.

Armenske Arsen Petrosyan har for første gong spelt i Noreg med kvartetten sin. Vi møter han på hotellet i Oslo dagen etter siste konsert på den nordisk-baltiske turneen, på verdsmusikkscenen Cosmopolite på Torshov. Dagane før har han spelt i Bergen, Voss og Trondheim.

Første gong han var i Noreg var for fire år sidan, då han gjorde eit samarbeidsprosjekt med pianist Torgeir Kinne Solsvik frå Norheimsund. Særleg Bergen og omland var det stort å vere tilbake i, synest Petrosyan.

– Eg elskar å vere her – det er paradis, ein fantastisk stad for ein musikar! Det er dei som seier at nordiske folk er kjølige, men eg synest ikkje det. For meg er dei berre rolige, det er noko anna. Det er så stille og avslappande her, særleg på landet og høgt til fjells, det gir mykje inspirasjon.

Arsen Petrosyan har hygga seg på noregsturné, og Folkemusikk møter han på hotellet hans i Oslo dagen etter at dei fire konsertane i Noreg er ferdigspelte. (Foto: Audun Stokke Hole)
Arsen Petrosyan Quartet på Cosmopolite i Oslo fredag 25. februar, f.v. Vladimir Papikyan (santur), Arsen Petrosyan (duduk), Astghik Snetsunts (qanun) og Avetis Keoseyan (kaval dap). (Foto: Audun Stokke Hole)
Arsen Petrosyan speler duduk, i bakgrunnen fjellet Ararat i Det armenske høglandet (i dag ligg fjellet i Tyrkia). (Foto: Arisneh Valladian)

Krasjkurs i folkemusikk

Det er stort for Petrosyan å spele sin armenske musikk i Norden, ein musikktradisjon dei færraste her i Vesten har noko forhold til. Har Armenia nokre stønadsordningar for musikarar? lurer vi på. Å nei – Petrosyan har høyrt om dei nordiske kulturstøtteordningane, men i Armenia må dei ordne alt sjølv, fortel han. Manager har han hatt i eit par år, busett i Frankrike, og sjølv er han svært aktiv med å spreie musikken sin i sosiale medium. Å turnere er òg viktig for han.

– Har du eit album ute, må du spele konsertar. Noko anna gir ikkje meining for meg personleg.

Ein viktig del av det å spele konsertar utanlands, er å møte publikum. Petrosyan merkte seg at det på konserten hans på Ole Bull Akademiet var mange unge studentar frå Oslo, som hadde tatt turen til Voss ei veke for det namngjetne krasjkurset i norsk folkemusikk på Akademiet.

– Det er eit flott system, ein veldig god idé. Ein må være i berøring med røtene sine, same kva musikk ein driv med! meiner han.

I kvartetten er Petrosyan akkompagnert av siteren qanun, hakkebrettet santur og trommene kaval dap og dhol. Sjølv speler han Armenias nasjonalinstrument, kalla duduk. Eit blåseinstrument med dobbelt røyrblad, slik oboar og sekkepiper òg har, innskriven på Unescos liste over immateriell kulturarv i 2008. Instrumentet har slektningar i mange av nabolanda, og ein har funne duduk-liknande instrument i pyramidegravar frå oldtidas Egypt.

– Instrumentet liknar menneskestemma, i likskap med cello og fiolin. Lyden er veldig sensitiv, som på fela lagar du halv- og kvarttonar med små fingerrørsler, fortel Petrosyan og viser med fingrane korleis han gjer det.

Grunna dei emosjonelle kvalitetene til instrumentet er det forbunde med gravferdsmusikk og bryllupsmusikk, held han fram – det er musikk som uttrykker armenarane sine kjensler.

Altetande og allsidig

Arsen Petrosyan er fødd i 1994 og har heile livet budd i Charentsavan, ein industriby med kring 20.000 innbyggarar 30 km frå hovudstaden Jerevan. Debutplata til Petrosyan kom ut i 2015 og ber namnet til heimbyen.

– Eg jobbar ikkje mykje i heimbyen min no til dags. Men det var der eg byrja, eg spelte overalt der då eg var yngre – på gatehjørne, skolar, festivalar og små lokale! fortel han. – Dette set ein pris på som eldre, at anerkjenninga ikkje er komme dalande frå himmelen. Eg likar å vere på vegen og bere min eigen handbagasje, sjølv om det ikkje alltid er toppen.

Frå 2010 til 2016 studerte han til bachelor- og mastergrad på Komitas-konservatoriet i hovudstaden. Komponisten og musikkinnsamlaren Komitas (1869–1935) var forresten Armenias musikalske «landsfader». På det nye albumet sitt presenterer Petrosyan og kvartetten eit blanda repertoar av klassisk, sakral og folkeleg armensk musikk. Den allsidige musikaren jobbar òg med strykekvartettar, kammerorkester og avantgarde- og elektroniske musikarar, for å nemne noko.

«Eg har spelt tradisjonelle norske låtar òg, men med den armenske spelestilen min. Eg kan godt tenke meg å spele inn eit album med nordiske musikarar.»

– Teknisk må du ha den klassiske utdanninga i botnen, og så tilpassar ein seg etter kvart, slår han fast. – Eg har spelt tradisjonelle norske låtar òg, men med den armenske spelestilen min. Eg kan godt tenke meg å spele inn eit album med nordiske musikarar, med eit repertoar av nordisk og armensk folkemusikk.

Det er tydeleg at Petrosyan høyrer på all slags musikk. Han synest det er spennande å oppdage ny musikk på reise rundt i verda.

– For meg er det meste av popmusikken eg høyrer, basert på folkemusikk og folkelege og tradisjonelle melodiar og skalaer, seier han. – Når eg høyrer ein popsong med folkemusikkrøter, med gitar eller fele, rører det ved meg, same kvar i verda han kjem ifrå. Det er musikk som verkeleg får ein til å tenke og føle.

Mellom Bysants, Persia og Kina

Armensk musikk har mykje felles med musikken frå Anatolia – halvøya som i dag er den asiatiske delen av Tyrkia. Tradisjonelt er Anatolia eit multietnisk lappeteppe av mellom anna tyrkisk, gresk, kurdisk og armensk kultur.

– Gresk musikk er ein særleg sterk påverknad. Silkevegen gjekk gjennom Armenia, og vi er midt mellom Kina og Bysants (dagens Istanbul, red. merk.) – på godt og vondt. Iran er òg eit naboland, og persisk musikk har påverka Armenia svært mykje. Eg elskar den persiske musikken og lyrikken – og det persiske språket er så musikalsk!

Musikken til ein kultur har røter i språket til kulturen, seier Petrosyan – til dømes synest han det franske språket eignar seg betre til lyrikk enn til musikk. Eg nemner at eg har lest at Armenia, i tillegg til å ha eit heilt eige alfabet, òg har sitt eige musikknotasjonssystem, khaz. For eit utrent auge som mitt, har skriftspråket og notesystemet mange likskapar, legg eg til. Petrosyan fortel at khaz er eit system der notane er gitt ulike namn, lik det vestlege do–re–mi-systemet.

– Først var dette eit enkelt system som berre synte at ein skulle opp eller ned i tonehøgd, men så har det utvikla seg. Det var ein lur idé, og takk vere systemet er det mykje gammal musikk som er redda. Mykje folkemusikk, men aller mest sakral, kyrkjeleg musikk er ivareteken på denne måten.

Foto: Audun Stokke Hole

I Armenia finst det musikk som går tilbake til førkristeleg tid, legg han til – og det hos eit folk som har vore offisielt kristent sidan 300-talet! Petrosyan har vore i arkiva og funne mykje tradisjonell musikk – og ein viktig del av arkivarbeidet var å finne musikk frå eigne familiemedlemmer. I arkivet på Komitas-konservatoriet fann han musikk etter oldefaren sin.

– Det var fantastisk. Oldefar spela òg duduk, og opptaka er frå dei siste leveåra hans. Eg møtte han aldri, men eg møtte to av besteforeldra mine, som var gåverike songarar. Men eg forventa faktisk å finne noko familiemusikk – eg valde å forske spesifikt på denne regionen fordi eg har familierøter der, legg han til.

Regionen han snakkar om er Javakheti eller Javakhk, som i dag ligg sør i nabolandet Georgia. Her har alltid budd mange etnisk armenske, slik det gjorde i austre Tyrkia før folkemordet under første verdskrigen. Tidleg på 1800-talet kom mange armenarar til Javakheti frå Erzerum i dagens Tyrkia – forfedrar av Petrosyan mellom desse. Så det er gode grunnar til at dei anatoliske røtene i musikken hans er svært sterke.

– Vi er i midten av kontinentet, på godt og vondt. Krigar og invasjonar har prega landet vårt. Det gjer òg at vi har mange triste songar – musikk er eit verktøy for å uttrykke kjensler.

Foto: Arisneh Valladian
Foto: Audun Stokke Hole

I nokre tusen år til

Kva med dansen? Petrosyan sjølv har spelt med danseensemble tidlegare, noko han sjeldan gjer i dag. Men det hender at folk dansar på konsertane hans, og han følger med på trendane innan dansespel og kva dansemelodiar og koreografiar som er populære. Armenske folkedansar har fått eit oppsving i den yngre generasjonen, fortel han.

– Vi armenarar har alltid dansa, særleg i tradisjonelle samkommer. Armenske dansar er òg blitt mykje forska på, slik ein har forska på musikken, og mykje folkedans har funne vegen til scena.

I armenske bryllaup, til dømes, har det lenge vore vanleg at kvar og ein dansar i eigen, fri stil, fortel han. Men særleg dei siste 7—8 åra er det stadig fleire unge som lærer seg iallfall grunnleggande folkedanssteg, seier han.

– Om sommaren ser ein at folk i min generasjon samlast og heile byen dansar! Folkemusikken er så seigliva, fordi han er måten eit folk uttrykker seg sjølv på, noko stadig nye generasjonar vil oppdage, legg han til.

Petrosyan har òg fått med seg at dei bygger eit globalt musikkvelv på Svalbard – ein storslegen og genial idé, synest han. Men òg på enklare måtar kjem musikken til å overleve, seier han. Musikk som har overlevd i nokre tusen år, har gode sjansar til å overleve i nokre til.