Folkemusikk logo
Logo

Kviven duo - Nordlysets døtre

Etter Kvakksalvar-Guri i 2020 er felespelarane Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm tilbake med meir livsglad spel. 

Meldt av Torkjell Hovland

 

Kviven duo - Nordlysets døtre 

  • Kviven records, 2024
  • 14 spor, 41 min.
  • Produsent: Dag-Filip Roaldsnes

 

«Tikrone-slåtten» som opnar plata, gir assosiasjonar til Holberg-suiten, om det er lov å seie her i Folkemusikk. Det er nordvestlandets tradisjonsmusikk og den kystnære musikken frå slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet som har fascinert duoen. Men dei har gått inn i det med full gass – det er livets festmusikk.

Det er det som er høgdepunktet med denne duoen: korleis dei skamlaust slår ut vingane og tek uttrykk og effektar heilt ut i spelet – det er rett og slett som det ligg ein frigjerande latter i musikken. Ekstra morosamt blir det når pianist Dag-Filip Roaldsnes blir med på pianoet under slageren «Fagre Stryn» eller på «Galopp etter Bernhard Løseth» – få dei på Tuvas blodklubb!

Fleire platemeldingar kan du lese i Folkemusikk nr 1/2024.

MERKNAD: I bladutgåva av meldinga kom vi til skade for å skrive at «Kviven records etter seiande er det einaste plateselskapet innan tradisjonsmusikk som er drifta av berre kvinner». Dette stemmer på ingen måte, slik fleire lesarar rettmessig har påpeika (det finst minst fire til: Havella Lenke til et annet nettsted., UBE Records Lenke til et annet nettsted., Djønno Records Lenke til et annet nettsted., Askerladden Lenke til et annet nettsted. – og sikkert andre òg). Vi ber om orsak for denne heilt unødvendige feilen!

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024