Folkemusikk logo
Logo

Efterklang fra fjeldreisen

Himmelleite med debutalbum:

Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust kombinerer kraviklyre, song og langeleik med orgel. Foto: Sanne Løkke.

I morgon slepper folkemusikkduoen Himmelleite sitt fyrste album i lag. Duoen, som består av Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres og Vemund Olav Aukrust frå Lom, har sidan 2022 utforska eit unikt musikalsk landskap der langeleik møter trøorgel og kyrkjeorgel – supplert med song og kraviklyre.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Albumet har fått tittelen Efterklang fra fjeldreisen og tek utgangspunkt i folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres, henta frå notesamlingar og arkiv. Materialet spenner frå halling, springar og lyarlåttar til salmar og viser, alt i duoen sine eigne arrangement. Med vekslinga mellom den lågmælte langeleiken og dei klangrike orgelstemmene skaper Himmelleite ei særmerkt lydverd der folkemusikk og klassisk musikk møtest.


Namnet Himmelleite viser til horisonten, ofte brukt om synsranda innover i fjellet. Fjellområda mellom Valdres og Gudbrandsdalen, ikkje minst Jotunheimen, er eit viktig bakteppe for musikken. 

– Ideen bak prosjektet var å spore opp ord og tonar som hadde sprunge ut av seterkulturen der, fortel Aukrust. 

Fossum peikar òg på inspirasjonen frå komponisten Halfdan Kjerulf, som på sine fjellreiser tok med seg folkemusikken inn i kunstmusikken.


Både Fossum og Aukrust er markante folkemusikarar på sine felt. Fossum er den fyrste med mastergrad i utøving på langeleik ved Norges musikkhøgskole, medan Aukrust er organist i Ål og særleg interessert i møtet mellom barokkmusikk og norsk folkemusikk. Med Himmelleite utfyller dei kvarandre og løftar fram eit tonespråk som sjeldan er høyrt.

Albumet er produsert av Vegar Vårdal, og er spelt inn, miksa og mastra av Tor Magne Hallibakken. Det kjem ut på plateselskapet Melovitten både digitalt og som fysisk CD.

Lanseringskonsertar:

Torsdag 28. august – Riksscenen, Oslo

Torsdag 11. september – Gjøvik

Sundag 21. september – Lom stavkyrkje

Måndag 20. oktober – Ål kyrkje

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024