%20MS250118_DSC3151_Rita%20Taylor,%20Banff%20Centre%202025.jpg)
Benedicte Maurseth har saman med Kristine Tjøgersen laga musikk til den verdskjende Kronos kvartett, som skal settast opp på Riksscenen på torsdag. Foto: Rita Taylor.
På Riksscenen blir det på torsdag urframføring av Elja, eit nytt verk skrive av komponistane Benedicte Maurseth og Kristine Tjøgersen. Stykket er inspirert av naturen på Hardangervidda, og tek utgangspunkt i lydar, dyr og landskap frå Europas største høgfjellsplatå.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Elja vert framført av Kronos Quartet, som for anledninga spelar på eit heilt nytt sett med instrument: hardingfeler, hardingbratsj og hardingcello, laga av felemakaren Ottar Kåsa. Hardingfelesolist er Benedicte Maurseth sjølv.
Sjå videosnutt med Ottar Kåsa på Instagram. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Musikken kombinerer dei særmerkte klangane frå hardinginstrumenta med nye komposisjonsteknikkar. Dyre- og fugleliv som fjellrype, jerv og heilo trer fram i lydlandskapet, saman med insekt og små froskar. Det visuelle uttrykket er utvikla av Evelina Dembacke, inspirert av viddas flora, lys og vêrskifte.
%20'%20nye%20hardanger%20cello%20med%20Paul%20Wiancko%20foto_Ingo%20Biermann.webp)
Kristine Tjøgersen er nyleg heidra med både Spellemannsprisar og Ernst von Siemens’ komponistpris, og Maurseth har i fleire år markert seg som hardingfelespelar og komponist.
Om bakgrunnen for verket seier Maurseth:
– Med Elja ønskjer vi å ‘ale fram’ ein djup respekt for naturen – og minne oss alle på at me alle er gjensidig avhengige av kvarandre.
Bestillinga er gjort av Kronos Quartet og Carnegie Hall, medan det visuelle designet er bestilt av Riksscenen og Festival Musica Ultima.
Elja
Komponistar: Benedicte Maurseth og Kristine Tjøgersen
Framført av: Kronos Quartet og Benedicte Maurseth
Visuelt design: Evelina Dembacke
Stad: Riksscenen, Oslo
Billettar: ticketco.events Lenke til et annet nettsted.