Ho er sjølv oppvaksen i spelemannslaget. Å føre tradisjonsmusikken vidare slik ho sjølv lærte av eigne læremeistrar og førebilete, er ei drivkraft, fortel prisvinnaren.

– Astrid er blant dei som set Lom på kartet. Ho har sett djupe spor i folkemusikkmiljøet, både i Lom og på nasjonalt nivå, understreka ordførar Kristian Frisvold då Astrid Sulheim vart tildelt kulturprisen for 2023. Foto: Solveig Brekke Hauknes

– Astrid har gjennom ei årrekkje lagt ned hundretals dugnadstimar, ofte på eige initiativ, for å føre vidare den viktige kulturarven i form av folkedans og folkemusikk vi har i Lom. I folkemusikkmiljøet står Astrid som ein stor tradisjonsberar og bauta som ikkje held att på å vidareformidle sine og andres kunstar, heiter det i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut av Lom-ordførar Kristian Frisvold på dugnadsfest for dei mange frivillige som sørga for ein svært så vellukka landskappleik sist sommar. Rundt 300 var til stades i storstova Utgard der det var servering, diverse taler, programinnslag og dans.

– Eg vart kjempeoverraska over å få prisen, seier Astrid Sulheim som ikkje ante noko på førehand.

I tillegg til Astrid Sulheim var det blant anna forslag om å tildele 2023-prisen til hovudkomiteen for Landskappleiken i Lom. Komiteleiar Grete Sjurgard visste ikkje eingong at dei var nominerte før ho fekk det fortalt av Folkemusikk.

– Eg synest det er heilt rett at Astrid fekk kulturprisen. Det gav også dei frammøtte klart til kjenne. Det er så fortent. Ho er ein stor tradisjonsberar og legg ned ein uvurderleg innsats særleg for dei yngste, påpeikar Sjurgard.

– Brenn for rekruttering

Ordførar Kristian Frisvold kom med fleire gode ord om prisvinnaren.

– Astrid har sett spor gjennom ein heil generasjon av spirande unge folkemusikarar. Ho har vore ei stor kjelde til tradisjon, inspirasjon og motivasjon for mange. Astrid er ei viktig kopling mellom tidlegare store spelmenn vi har og har hatt og ungdommen som veks til i dag, konstaterte ordføraren og peika på at Astrid har lagt ned tallause dugnadstimar på rekruttering.

Ho har teke initiativ overfor spel- og dansarlaget for å få sett rekrutteringsnemnd. I tillegg er ho ein av initiativtakarane bak Jakupscena, som held konsertar rundt om i nærområdet der unge får vise seg fram samt høyre og sjå sine førebilete.

– Astrid har prestert på eit utruleg høgt nivå innan forskjellige tevlingar opp igjennom som både solist og saman med andre. Ho er aktiv i fleire konstellasjonar som fremjar norsk kulturarv, heiter det vidare i grunngjevinga.

Astrid har vunne A-klassa i fele på Landskappleiken heile fem gonger, seinast på heimebane i Lom sist sommar, og ho fekk Kongepokalen i 2022.

– Ho er blant dei som set Lom på kartet. Astrid har sett djupe spor i folkemusikkmiljøet, både i Lom og på nasjonalt nivå, konkluderte ordføraren i grunngjevinga.

Kulturprisen vart delt ut på dugnadsfest for dei mange frivillige som sørga for ein svært så vellukka landskappleik i Lom sist sommar. Rundt 300 var til stades i storstova Utgard der det var servering, diverse taler, programinnslag og dans. Foto: Solveig Brekke Hauknes

Prisen varmar

Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og ulønt kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak som kjem kulturlivet i Lom kommune til gode, ifølge statuttane.

Sidan første kulturprisen for Lom vart oppretta i 1988, har fleire folkemusikarar fått utmerkinga: Lom spelemannslag (1991), Hans W. Brimi (1996), Erling Kjøk (1998), Reidar Svare (2004), Rolv Brimi (2016), Øystein Nicolaisen (2017), Amund Bjørgen og Bjørn Odde (2019) og så altså Astrid Sulheim (2023).

Astrid Sulheim set stor pris på tildelinga.

– Kulturprisen varmar. Dette set eg absolutt høgt. Det viser at Lom kommune set pris på det som blir gjort, og det gjeld ikkje berre av meg. Eg deler denne prisen med Lom spelemannslag og heile folkemusikkmiljøet.

– Kva bakgrunnen for at du engasjerer deg så mykje i rekruttering?

– Eg er sjølv oppvaksen i spelemannslaget, og fekk musikken frå læremeistrar og førebilete som Rolv Brimi, Amund Bjørgen, Bjørn Odde og Knut Kjøk. Å føre dette vidare er ei drivkraft. Så har eg sjølv to unge som er ivrige. Som mor er det en motivasjon å bidra til at dei har eit godt miljø å vere i. Dette er ein sosial arena som er viktig for meg personleg også.

– Det gror godt i Lom?

– Ja, vi er så privilegerte som har ein stor gjeng unge som spelar, syng og dansar. Det er eit heilt fantastisk flott miljø som gjer at dei prioriterer å vere med her. Det er kamp om ungdommen på mange ulike arenaer. Nokre sluttar, slik er det berre, men vi har klart å halde på ein fin gjeng.

At dei unge trivst har alt å seie. Folkemusikkmiljøet er unikt ved at vi er saman på tvers av generasjonar og fører tradisjonane vidare, understrekar Astrid Sulheim.

Lom har ein stor gjeng unge som spelar, syng og dansar. At dei unge trivst, har alt å seie. Folkemusikkmiljøet er unikt ved at vi er saman på tvers av generasjonar og fører tradisjonane vidare, understrekar Astrid Sulheim. Her syng nokre av dei, songgruppa Linerla akkompagnert av Steinar Odde, på opningskonserten på fjorårets landskappleik. Foto: Runhild Heggem
Blant dei som spelte under dugnadsfesten med prisutdeling var Nye Ringnesin, f.v. Øystein Ovrum Rudi (fele), Bjarne Odde (bass) Kjell Grothe (trekkspel), Kåre Vennevik (gitar) og John Egil Odnes (trekkspel). Foto: Solveig Brekke Hauknes