Om ikkje lenge brakar det laus med Landskappleiken på Rjukan, ein kappleik som av naturlege årsaker har blitt utsett fleire år. Påmeldinga er lågare enn dei siste kappleikane som har blitt arrangert, men det er auka påmelding i fleire av klassene.

I år deltek 700 unike deltakarar fordelt på 433 startnummer. Den totale mengda deltakingar er på 1185, då mange er med i fleire klasser og konstellasjonar.

Rådgjevar i FolkOrg, Sina Myhr, har henta fram tal frå åra 2016–2019. Samanliknar ein med desse, er det lågare påmelding i år enn i alle desse åra. Talet på startnummer har lege mellom 457 og 523, og talet på deltakingar mellom 1299 og 1670.

Spel hardingfele B og dans hardingfele B er dei to klassene flest har meldt seg på til Landskappleiken på Rjukan. Førre gong det blei arrangert landskappleik, i Vågå i 2019, var det Staffan Jonsson som vann speleklassa, medan Knut Aastad Bråten og Bergljot Hedda Lunde vann danseklassa.

Gradvis auke fram til 2019

Førre gong Landskappleiken blei arrangert, i Vågå i 2019, var det deltakarrekord. Då deltok 992 unike deltakarar. Myhr fortel at deltakartalet gradvis har gått opp dei siste åra, bortsett frå ein liten dupp i 2017 då Landskappleiken blei arrangert samstundes med Førdefestivalen.

Korona spelar truleg ei rolle for nedgangen i påmeldingar i år, dersom ein også ser på trendane elles i kulturlivet, der det har teke tid å få ting i gang att, fortel Myhr.

– I tillegg har fleire utøvarar eg har prata med sagt at dei ikkje kjenner seg i god nok spel- eller danseform til å stille. Folk vil nok prestere på topp om dei først skal vere med. Det kan hende at det er ein bøyg å komme seg opp på kappleiksscena att, seier Myhr.

 

Store B-klasser

Likevel er det mykje å gle seg over. 45 deltakarar i Hardingfele B må ifølgje rådgjevaren vere ny rekord, og Dans hardingfele B er også ei stor klasse med 33 startnummer. Fele B er større enn i 2017 og 2019, og Vokal B er også større enn på dei siste tre kappleikane. Halling B har med 13 deltakarar også fleire startande enn på mange år.

– På mange måtar er dette B-klassingane sitt år, seier Sina Myhr.

Ei anna klasse som peiker seg ut med positiv påmeldingsutvikling, er Eldre folkemusikkinstrument senior. Her er også rekrutteringa hos dei unge seniorane stor, med ti deltakarar under 25 år.

I år blir det delt ut to kongepokalar, éin i Fele A og éin i durspel senior. Sjølv om det er ein liten auke i durspel-påmeldingane, er dette ikkje veldig store klasser, med høvesvis 16 deltakarar på fele og 13 på durspel.