Denne plata er ei storhending på mange måtar. 

Denne plata er ei storhending på mange måtar. Og det er det for så vidt når norske tonekunstnarar og utøvarar signerer eit stort platemerke. Og dette platemerket er særmerkt. Kjernemarknaden er eit land som elskar det norske: Tyskland. ECM frå Hamburg er platemerket som i årevis hadde Arild Andersen og Jan Garbarek i stallen sin. Og dei siste åra har dei fornya katalogen i stor grad. ECM har satsa på stadig meir utilgjengeleg internasjonal samtidsmusikk. Samstundes har dei som står bak platemerket, peikt ut nye norske enkeltartistar til å føre platemerketanken vidare: Trio Mediaeval og Arve Henriksen er også blant desse.

Vendepunktet var då Nils Økland og Sigbjørn Apeland gav ut albumet Lysøen – Hommage to Ole Bull for eit par år sidan. Då opna platemerket opp eit nytt rom: den tradisjonelle folkemusikken. Og plata eg no melder, gjev dette rommet litt meir møblement: Over Tones av Benedicte Maurseth og Åsne Valland Norli.

Allereie i opninga er det eit truleg umedvite peik til ECMs gullalder. Opningssporet kunne like gjerne vore skrive av Arvo Pärt – den estiske komponisten og husguden i ECM. Han braut gjennom internasjonalt på nett dette platemerket. Langstrekte, mystiske, vidopne og minimalistiske komposisjonar var varemerket til Pärt på ECM. ”Alde” er heldigvis ingen Pärt-kopi: Det er ei skur av overtonar frå himmelen, trylla fram av glissandospelet til Maurseth og dei dynamiske repetisjonane til Valland Norli.

OVER TONES
  • ECM 2014
  • 11 spor / 44:14
  • Produsent: Guido Gorna

"Det er ei skur av overtonar frå himmelen, trylla fram av glissandospelet til Maurseth og dei dynamiske repetisjonane til Valland Norli."

Nicholas Møllerhaug 

Før eg går vidare, må eg slå på ei stortromme til: for lydteknikaren Audun Strype. På spor to blir stemma til Valland Norli forvandla til den mjukaste trompet. (Strype har også produsert Arve Henriksen sine ECM-plater.) Eg vil påstå at på denne plata er Strype vel så viktig som Maurseth og Valland Norli. Han parerer eit svært viktig og kleint element på plate – nynning – til noko forvitneleg. Nynning på plate er forferdeleg vanskeleg å få til skikkeleg. Det kan bli privat. I verste fall blir det porno. Men ikkje her på denne plata. Og det trengst, for det er mykje nynning på Over Tones.

I sporet ”Slåtten hans Borgår” kjem den aller første kontrastive variasjonen inn. Etter to spor med mjuk innovervendt romantikk kjem eit spor som flekkjer tenner. Feletenner. Valland Norli held fram med å leggje vaniljestøv over det heile.

Tittelsporet ”Overtone” har mykje til felles med tittelsporet ”Straum” av Nils Økland frå plata med same namn. Ei plate Strype miksa og mastra for nokre år sidan. ”Overtone” er eit flott verk i tradisjonen etter Økland. I ”Ales” tek utøvarane fram ei anna form for samspel: Båe to syng. Denne vesle porsjonen fungerer svært godt. ”Huldrespringar” fungerer perfekt som overgang til Ragnar Vigdal sin legendariske ”Jesus gjør meg stille”. Dette er kanskje det ultimate internasjonale gjennombrotet til Vigdal? Kvedaren frå Jostedalen er sentral på denne utgjevinga. For første gong når han langt utover fylkes- og noregsgrensa.

Det er ikkje berre Nord- og Midt-Vestlandet som er representert på plata. Den mørke ”Rameslått II” etter Knut Heddi i Setesdal dukkar fram før ”Kilden”. Dette er den mest kjende tonen etter Ragnar Vigdal – fint tolka av Valland Norli. ”Båtsong” til slutt består av eit roande Pärt-aktig motiv: Programmatisk om nokon som ror over ein fjord eller vassflata. Fin avslutning på ei fin plate som peikar framover for ECM.