Denne helga er det Gåte som er folkemusikkens representantar i MGP. Laurdag deltek dei i den andre delfinalen i konkurransen.

Gåte vann laurdag den nasjonale finalen i MGP. Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Etter ein litt rufsete start på prøve-veka, der ho sat vêrfast på Gardermoen i sju timar som følgjer av togproblem, er Gunnhild Sundli og resten av Gåte godt i gang med førebuingane til laurdagens delfinale i MGP. Der skal dei framføre låten «Ulveham».

«Ulveham» er ein låt som kombinerer ein lokk etter Marit Jensen Lillebuen frå Jondalen og mellomalderballaden «Møya i ulveham» som det berre var tekst til. Så med nyskriven melodi og med sampling av Lillebuens lokk i starten av låta, er Gåte klare for å vise fram folkrocken sin.

Tilbake i tid og fram igjen

– Me ville ha med lokken i starten for å skape stemning og for å vise det autentiske og kva det spring utifrå. Så først går ein tilbake i tid, før det blir transformert inn i vår tid, seier Gunnhild Sundli.

«Ulveham» er med på EP-en som Gåte gav ut før jul, men der i ein lengre versjon der fleire av versa frå balladen er med.

– I MGP har ein ei tidsramme ein må forhalde seg til, så no er songen komprimert til tre minutt. Det var ganske utfordrande, men også ein veldig kreativ prosess. Då me landa det, syntest me at det blei ein veldig bra låt som me hadde skore heilt inn til beinet, fortel Sundli.

«Alle har jo lyst til å vinne. Men eg føler allereie at me har fått mykje ut av dette.»

Gunnhild Sundli i Gåte

Frå fele til nyckelharpa

I sommar tok Sundlis bror Sveinung valet om å slutte i bandet etter å ha vore med frå starten. Og med ein turné framføre seg, blei resten av Gåte litt i beit for kva dei skulle gjere. Men Sveinung Sundli foreslo at dei skulle ringe John Stenersen. Gunnhild Sundli fortel at ho hadde lite tru på at dei skulle få til å få med ein så travel mann på kort varsel.

– Heldigvis passa det perfekt for han, og alt fungerte veldig bra. Så me spurde om han vil vere med her også, og det hadde han lyst til.

Stenersen har spelt verda rundt med Wardruna og er også tidlegare sjef for Folkelarm. Til vanleg har fela vore fast inventar i Gåte, men med Stenersen blir det meir nyckelharpa.

Har allereie fått mykje ut av deltakinga

At det er fleire innslag i MGP med folkemusikkbakgrunn, tenker Sundli er veldig bra.

– Me støttar kvarandre, og me viser også at ein med folkemusikk i botnen kan få to veldig ulike uttrykk. Det synest eg er både interessant og fint å få vist, seier ho.

Med deltakinga håpar Sundli at Gåte kan nå ut til fleire folk og at dei også kan få eit litt større publikum utanfor Noreg.

– Alle har jo lyst til å vinne. Men eg føler allereie at me har fått mykje ut av dette. Gåte har blitt spurt om å vere med før, og no tenkjer me berre «enn at ein i det heile kunne vurdere å seie nei til dette». Det er heilt merkeleg no. Men det noko med timing også. Det skulle kjennest rett, og låten skulle vere der. Men det er riktig no.