Folkelarm-prisane blir i slutten av november delt ut til vinnarar i fire ulike kategoriar. No er nominasjonane offentleggjort.

Det er mellom tre og fem nominerte i kvar klasse som har blitt plukka ut av ein jury på fire personar. I 2021 er det Steinar Ofsdal, Ragnhild Knudsen, Georg Buljo og Ole Nilssen som har sete i juryen. Platene som er nominerte til Folkelarm er gitt ut mellom august 2020 og august 2021.

Dei fire kategoriane er i år, som tidlegare år, solo, dokumentasjon, tradisjonelt samspel og open klasse. I fjor var det også med ein femte kategori, nemleg dansespel. Denne var ny for fjoråret, og det var også mogleg å melde på plater i denne kategorien i år. Men John Stenersen, prosjektleiar for Folkelarm, fortel at det ikkje var nokre påmeldte i denne kategorien i år.

Silje Onstad Hålien blei årets folkemusikar under utdelinga av Folkelarmprisen i 2015.

– Juryen drøfta dette, men det var ikkje naturleg å flytte nokon over til den kategorien, då ingen sjølv hadde meldt seg på der.

Han seier at juryen har mandat til å flytte på plater dei meiner høyrer heime i ein annan kategori enn der dei er påmeldte, men det bruker ikkje å vere ein stor del av jobben deira. I år blei berre éi plate flytta på.

Totalt var det 45 utgjevingar påmeldt til plateprisen i år. Desse har juryen høyrt seg gjennom, og no er altså resultatet av den første runda med juryarbeid klar.

I tillegg til plateprisane skal det også delast ut ein pris til årets folkemusikar. Der er det ingen nominerte, men alle har fram til 1. oktober kunna foreslå kandidatar til denne prisen. Så har juryen plukka ut ein verdig vinnar, som skal bli offentleggjort på torsdagen under Folkelarm.

Dei nominerte til Folkelarmprisen:

Solo:

  • Thov G. Wetterhus – Stålslått (Motvind Records)
  • Britt Pernille Frøholm – Fokhaugen (Kviven Records)
  • Sigrid Stubsveen – En skulle levd før og en skulle levd nå (ta:lik)

Dokumentasjon:

  • Diverse Artister – Høyre du mann! Langeleikopptak 1955–83 (Norsk folkemusikksamling, NB)
  • Jon Rosenlid og Samuel Bergset – Historisk slåttespel frå Nordfjord (Aksent)
  • Kjellbjørn Karsrud – Soga om spelemannen Ola G. Okshovd (ta:lik)

Tradisjonelt samspel:

  • Ånon Egeland / Mikael Marin – Farvel, farvel (5b / Taragot)
  • Lillebo & Stubsveen – Engerdal (ta:lik)
  • Nordic Fiddlers Bloc – Bonfrost (NFB Records)
  • Tufskrøkjun – Nordavind (ta:lik)

Open klasse:

  • Kim Rysstad – Draumkvedet (GAMA! Records)
  • Valkyrien Allstars – Slutte og byne (Heilo/Grappa)
  • Ævestaden – Ingen mere gråter (Heilo/Grappa)
  • Kjorstadbrørne – Kjære min maur (ta:lik)
  • Aurom – Utan å dirre (Nye Nor)