Portrett, intervju, meldingar og reportasjer!

PORTRETTET: Kirsten Bråten Berg har snøskuter, gard, wunderbaum i pickupen, oppdrag som sjefs-jordmor i lamminga, sølvsmie, utbytte av å vitje den lokale folkemusikkpøbben, og tusenvis av stev lagra bak pannebrasken.

ISBRYTARANE: Å gå på isen medfører ein risiko, og i alle nye prosjekt finst ei fallhøgde. Kanskje er det difor ein likar så godt å formidla det grenseoverstigande, det som ikkje før er gjort. I snart eitt år har klangen av isbrytarane Erik Rydvall og Olav Luksengård Mjelva eksistert i innspelt format, og vekt åtgaum hjå publikum og i pressa.

LEIAR: Kanskje har det av og til gått litt varmt under tropehjelmen hos somme, eller ein har vorte biten av ein ny og eksperimentell basill fjernt frå våre eigne bogestrok. I jungelen av kreative krumspring kan det vera verdt å stane opp, ta fram macheten og rydde litt. For er det slik at det må storstilt staffasje og høg wow-faktor til for at folkemusikken skal nå ut til publikum? spør redaktør Bjørn Sletten i det nyaste nummeret av bladet Folkemusikk.

OPPDAGINGSFERD I ”INGENMANNSLAND”: Kanskje var det omtrent samstundes med at ein spikra opp skilt med gatenamn som Bellevue og St. Croix gate i Fredrikstad, at ein fann ut at det var gjævare med symfoniar enn springarar og med klaverkomposisjonar enn kappspel. Det vi i alle fall veit, er at det sentrale Austlandet på eit tidspunkt bleikna heilt bort ifrå folkemusikkartet. Men nå har Sentral-Austlandet fått nok av å vera folkemusikkens ”Ingenmannsland”.

MEISTERENS METODAR: Meister-elev-forholdet mellom Benedicte Maurseth og Knut Hamre går over 20 år attende i tid. Nå har samtalane mellom Maurseth og Hamre vorte bok. I ”Å vera ingenting” gis lesaren eit innblikk i mekanismane mellom meister og elev, speltradisjonen i Hardanger og filosofien ”å vera ingenting”.

PÅ VINTERFESTIVAL: Journalist Ida Habbestad har vore på vinterfestival på Rauland. – Kursa gjev nærleik mellom utøvar og publikum. Det internasjonale gjev ei fin spaning til det lokale. Men kvar er kvinnene? spør Habbestad som etterlyser fleire kvinnelege artistar på plakaten.

***

Nyhende, danse- og platemeldingar, sterke meiningar, nye kommentarar frå Tore Bruvoll og Runhild Heggem, nye strekar frå Øystein Runde og mykje, mykje meir!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.