Simen Roheim Iversen skulle bli ingeniør, men er i dag ettertrakta munnharpesmed. I Vågå bur to ettertrakta felemakarar, som òg driv Norsk hardingelefond. I Trysil førebur dei seg på å arrangere landskappleik. Rogaland er i ferd med å bli sett på folkemusikkartet, Norsk folkemusikklag er 70 år og Guro Kvifte Nesheim er plateaktuell. Dansk og irsk folkemusikk kan du òg lese mer om i sommarnummeret av Folkemusikk!

Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.