No er det for ein gongs skuld ordentleg jul i Folkemusikk også. Du får julequiz, juleplater, ein makelaus julefotoserie ... og i tillegg musikk frå Målselv, Masi, Midt-Telemark, Mellomalderen og det mikrotonale univers, og frå Valdres, Voss og volvenes visjonar. Kulturpolitikk, bok- og platekritikk, hardingfelehistorikk og anna jule- og nyttårssnacks i årets siste Folkemusikk.

Foto f.v. Runhild Heggem, Knut Utler og Gunnar Stubseid