Til sommarnummeret av Folkemusikk har vi intervjua gullgravaren Sigrid Stubsveen, kulturbøndene Øystein Rudi og Knut Fausko, bestillingsverkkameratane Erlend Viken og Ellen Andrea Wang, countrykameratane Johanne Flottorp og Marie Tveiten og nokre til. Vi har meldt Bygda Dansar Rogaland, Tuva Syvertsens «blodklubb», bøker om folkemusikken i Vestfold og folkedansen i Kristiania, og – som vanleg – ein haug nye plater. Sommaren blir ikkje den same utan!

Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten. Folkemusikk er i sal på Narvesen.