I det siste Folkemusikk for året kan du bli med på durspel- og toradarkurs i Trondheim, folklorefestival i Mexico og Oddvar Nygaard-jubileum i Fron. Vi har intervjua Ruth Wilhelmine Meyer, ein eksperimentell folkemusikkglad vokalkunstnar, og Hamid Sakhizada, tradisjonell dambura-spelar som måtte flykte frå Afghanistan til Harstad. Du kan òg lese om kvinnelege felespelarar frå Røros-distriktet, det motstraums plateselskapet Motvind, meiningar om mangfaldet i sjangeren vår, og ei mengd nye plater, bøker og utstillingar.

Bladet er i sal på utvalde Narvesen-utsal. Du kan også kjøpe bladet av FolkOrg – klikk her for meir info!

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.