Den sørsamiske sydis-dansen blir stadig meir populær. Indre Sunnfjord Spelemannslag har runda femti og sleppt to jubileumsbøker. SINTEF har forska på ei ny hardingfelestreng som ikkje må stemmast så ofte som tarmkvarten. Elles i Folkemusikk nr. 2 for året møter du Jorun Marie Kvernberg, Indra Lorentzen, folkemusikkekteparet Annika og Kevin – og nokre av dei som kjempar mot koronaviruskrisa i Folkemusikk- og Folkedans-Noreg.

Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.