Kva forventar Folkemusikk- og Folkedans-Noreg av Kulturdepartementets kommande strategi for feltet? Er det mogleg å få på plass eit 'fond for tradisjonsberarar'? Korleis var det å tevle på strøymekappleik - og er det ei løysing for framtida? I Folkemusikk nr. 3/20 kan du òg lese heile historia om Norsk senter for folkemusikk og folkedans (tidl. Rff), og du møter Sverre Jensen, Harpreet Bansal, Salve Austenå og mange fleire.

Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.