Korleis danse folkedans når ein må halde ein meter avstand? Er folkedansen i krise, og skal Riksscenen i så fall redde han? Når blei det stuereint å spele vanleg fele på kappleik? Bli også med til jubileumsstemna til jubilantane Hilme og Riksscenen, og til Røros, Vestfold, Flandern og ein god del fleire stader, i siste Folkemusikk dette snodige året.

Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.