Korleis går Elizabeth Svarstad fram for å attskape dansar som ikkje lenger finst? Kva er planlagt som erstatning for Landskappleiken og Landsfestivalen – som også i år er avlyste? Kva er keltisk musikk? Og kva går vegen etter #metoo-oppropet i november?



I første Folkemusikk i 2021 møter du òg Kjell Midtgaard, Kajsa Balto, Jakop Janssønn, familien til slåttekomponist Harald Haug og den gamle og den nye Hilme-sjefen. Du kan lese om hardingfela og andre understrengsfeler gjennom historia, og om kvifor ein vanleg kjøkkenkniv var uvurderleg då den neste eldste norskbygde fela skulle restaurerast. Du får òg smånyhende, bok- og platemeldingar – og kryssord!
Folkemusikk er frå og med 2021 ikkje lenger i laussal på Narvesen. Men du kan kjøpe bladet frå den hyggelege lille nettbutikken (og mykje anna) Tekstallmenningen – klikk deg inn og kjøp Folkemusikk og mange andre spennande kulturtidsskrift! For å abonnere på Folkemusikk, klikk her.