Folkemusikk er eit magasin for folkemusikk og folkedans i Noreg, eigd og utgitt av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Magasinet søker no etter journalist og redaksjonsmedarbeidar i 20 % stilling, i eit eitt år langt engasjement.

Stillinga inkluderer å hente inn, skrive og publisere tekst på nettsida, og bidra med tekst til dei fire årlege papirutgåvene av magasinet. Søkaren må ha interesse for og kunnskap om folkemusikk og folkedans, og erfaring med nettpublisering vil vere ein stor fordel. Søkaren må vere sjølvgåande, initiativrik, fleksibel og strukturert. Det redaksjonelle språket i Folkemusikk er nynorsk.

Arbeidsstad: Heimekontor; det kan i periodar vere mogleg å nytte kontor i Oslo

Lønn etter avtale

Oppstart: snarleg og etter avtale

Søknadsfrist: 31.5.2021

Send søknad med CV og skriveprøver (mellom 1 og 3 A4-sider) til audun@folkemusikk.no

For meir info om magasinet: folkemusikk.no/om-oss/

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.