Med song, dansemusikk og koreografi vonar Hardingfela.no og ekteparet Storli/Morken at Danseglede blir ein farsott I sommar. I oktober slepper dei i alle høve dansefilm.

Siste dagen i april blei songen og folkedanskampanjen «Danseglede» sleppt. Musikken er spelt av gruppa Kvarts med gjester, og songen er både skrive og sunge av Lajla Renate Buer Storli, med Berit Opheim og skuleelevar frå Voss på backingvokal.

Bak prosjektet står Lajla Storli og ektemannen John Ole Morken, frå høvesvis Ullensvang og Ålen, busett i Modum. Ideen til Danseglede fekk Lajla då ho gjekk luftetur med hunden og høyrde den nyaste songen frå NRK Supers årlege venskapskampanje «BlimE!», med tilhøyrande dans som barn blir oppmoda til å lære seg (dei to fortel meir om dette i eit innslag i TV Modum).

Med god hjelp frå samarbeidspartner Hardingfela.no og prosjektleiar Rannveig Djønne, og pengestøtte frå Sparebanken Vest, tinga dei koreografi av Magni Rosvold (som òg arbeider i hardingfela.no) og Inga Myhr, og musikk blei spelt inn med Tor Magne Hallibakken bak spakane.

Danseglede på Eggedal skule - og i lokalnytt på NRK. (Foto: Lajla Renate Buer Storli)

Rakett i fleire trinn

– Me spelte først inn låta med Kvarts og Kåre Opheim på trommer, fortel John Ole Morken. – Så hadde me ein ny runde i studio og la på meir fele, song og trekkspel. På Voss la Berit Opheim på meir vokal, saman med lokale kulturskuleelevar.

Dei er stolte over å ha med både glade amatørar og profesjonelle på alle nivå i produksjonen, legg Morken til. Midnatt til fredag 30. april blei låta sleppt i strøymetenestene. Då Morken køyrde bil fredag morgon blei han trekt ut til å vere innringar i lokalsendinga på NRK Buskerud. Det enda med ein lang prat om Danseglede-prosjektet, tevlinga blei heilt gløymt.

– Snikreklame kallar me det! seier Lajla Storli med eit smil. – Men me har kjent at dette prosjektet er viktig for mange, det har vore godt å høyre. Mange kontakta oss same dagen, ikkje minst musikarar som har vore langt nede på grunn av koronaen. Sjølv om dette ikkje er musikk i deira sjanger, har songen gitt dei inspirasjon til å spele og synge att.

Det gjekk raskt for seg då snøballen først byrja rulle, det meste skjedde i løpet av april månad, fortel John Ole Morken, som skildrar prosessen som ein fleirtrinnsrakett.

– Først kom låta og koreografien, så kom videoane og storfilmen frå Hardangerbrua og Bergen der alle fekk sjå dansen, og så heiv media seg på. Det er kjempestas! slår han fast.

Det siste året har vore prega av mykje melankoli, og det er naturleg, seier Lajla Storli. Men no treng mange litt danseglede i liva sine, og timinga er nok god for «Danseglede». At ekteparet har ein liten gut heime, er til inspirasjon for deira eigen danseglede, legg ho til.

Ein tradisjonsdytt

Dansegleda er det viktigaste, understreker Morken, det er viktig at det ikkje er gjennomregissert og alle skal gjera ting likt – slik er ikkje folkedansen, slår han fast. Men ekteparet legg ikkje skjul på at det er litt folkedansopplæring i dette også. Morken kaller det sjølv å «snikinnføre» trinn frå folkedansen, som til dømes byttomfotsteget.

– Det har i grunnen ikkje vore nødvendig å forklare dei og instruere dei i steget. Det har dei sett på instruksjonsfilmane på YouTube og teke inn. Dei lærer mange element frå folkedansen av dette, og det me såg i Eggedal, var jo at dette faktisk fungerer! seier han.

– Og hallingelementa i dansen legg opp til improvisert hallingdans, og til å putte inn element ein sjølv vil, i takt med musikken. Det er kult! legg Storli til.

– Har det vore litt å «tukle med tradisjonen» på denne måten? spør Folkemusikk. – Det har liksom skulla vere «springar frå Eggedal eller ingenting»?

– Kanskje kan ein seie at koronaen har vore med på å kanskje skape noko nytt innan folkedansen? Svarar Storli. – Utgangspunktet for «Danseglede» var at me ikkje har kunna danse slik me er vane med no under pandemien. Ein har måtta vere kreativ og lage ein dans ein kan danse solo eller kohortvis. Men skal ein få med dei unge i dag, må ein gjere gjere noko nytt, og gjere det ungt. Ser ein BlimE-videoen, er utgangspunktet populærmusikk barna kjenner.

– Noko av utfordringa for norsk folkedans i dag er vel nett at det er så lite tretakt i populærmusikken i tida me lever i?

– Ja, sjølv om det ikkje er noko tretakt i «Danseglede», så er dansen ein inngangsport til folkedansen. Du får inn trinna du treng, svarar Morken.

Dei to kjenner det ikkje som at dei tuklar med tradisjonen, men at dei heller gir dei unge eit dytt i retning av å sjekke ut meir av han, legg Storli til. – Dette er ein sjanger me er stolte av, og som kan vere fengande! Me vonar at skulane vil bruke dansen, òg utan oss, det finst på YouTube.

Moglegheitane som finst, såg dei på Eggedal skule – Morken fortel ivrig om eit «smartboard» dei trykka på som ein giga-iPad, og så kom YouTube opp.

– Så teknologien er med oss! slår han fast. – Ein er ikkje så avhengig av instruktør heller, det held med ein som kan herme litt og kan skilnaden på høgre og venstre, så går det greitt!

Hardingfela.no har denne veka sendt ut informasjon til alle kommunane i Oslo og Viken med informasjon om Danseglede. Innsende dansebidrag blir brukt i ein film som blir lansert på Osafestivalen på Voss i oktober.

Nokre av dei bak den musikalske delen av Danseglede, f.v. Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken, Øystein Rudi, Kåre Opheim, Tom Willy Rustad, Tor Magne Hallibakken, Jo Asgeir Lie og Erlend Styve. I tillegg er Berit Opheim og kulturskuleelevar på Voss med. (Foto: Silje Sivertsen)
Storli, Morken og danseglade elevar på Eggedal skule. Klikk på bildet for å sjå innslaget frå NRK TV. (Foto: Tordis Gauteplass)